Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruk og trelasthandlar i Gloppen

Omtalane er ordna kronologisk etter oppstartsår:

Sirkelsaga til Hunskår

Sirkelsaga til Hunskår

I 1883 bygde Søren Hunskår den første sirkelsaga i Breim ved Hunskårelva. Han dreiv også tønnefabrikk fram til 1907. I mellomkrigstida vart saga leigd av andre. Ved same vassdraget bygde Jakob Nedreberg sag i 1910. Denne vart driven med vasskraft heilt til den vart lagt ned i 1957.

Berent B. Austrheim

starta med elektrisk sagbruk og høvleri i 1911. - Sjå og Oddmund B. Austrheim.

Nymo Bruk

på Byrkjelo vart starta 1913 av Johan Strand.

Brødrene Solheim AS Trelast

på Sandane vart starta i 1919 av brørne Anders og Karl Solheim.

Bygger´n Sandane

– sjå Brødrene Solheim AS Trelast.

Breim Bruk A/S

på Re vart starta i 1951 av ei gruppe aksjonærar frå nedre Breim. Verksemda har drive sagbruk og sal av byggjevarer, og sysselsette ei tid fem personar.

Sandane Trelast og Byggevarer

- sjå Austrheim Båtbyggeri.

Trebo-Hus AS

byggevare- og entreprenørforretning på Sandane, starta i 1985.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2011