Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Gloppen

Sandane Lufthamn vart opna i 1975 og fekk mykje å seie for samferdsla i Nordfjord. Dette biletet vart teke i 2007. Etter det  er flyplassen forlenga, og E39 er lagt i tunnel under rullebana. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Utviklinga i samferdsla med vegar og båtruter har vore avgjerande for framveksten av lokale bygdesenter på Reed, Sandane og Byrkjelo. Reed var i 150 år eit kommunikasjonssenter fordi Den trondhjemske Postvei gjekk framom der, og på Sandane vaks det opp fleire store hotell då turistane oppdaga skyssruta frå Vadheim i Sogn via Førde til Sandane. I nyare tid fekk Gloppen også småflyplassen for Nordfjord, og hadde lenge sitt eige småflyselskap.

Hesteskyss på Sandane ca. 1900. Foto frå Ljøren.

Hesteskyss på Sandane ca. 1900. Foto frå Ljøren.

Driftevegar i Gloppen

Dei eldste driftevegane for fédriftene mot Sogn gjekk frå gamalt frå Eid og over Lotsskaret til Lote.

Den Trondhjemske Postvei i Gloppen

Den Trondhjemske Postvei vart teken i bruk i 1795, først og fremst som veg for postruta mellom Bergen og Trondheim.

Veg gjennom Våtedalen

Kravet om veg gjennom Våtedalen vart sett fram i 1829. Men først i 1889 – 60 år seinare - vart båttrafikken på Breimsvatnet avløyst av nyevegen gjennom Våtedalen.

Fylkesveg 615 ved Solheim mellom Hyen og Storebru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesveg 615 ved Solheim mellom Hyen og Storebru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen og omverda

I Hyen gjekk det svært lang tid før bygdene fekk skikkeleg vegsamband.

Køyrevegar i Gloppen

Ordna kronologisk etter opningsår.

3. november 2001 var ein merkedag for Gloppen. Då vart ei ny strekning av E39 mellom Sandane og Anda opna, og Sandane sentrum og den gamle vegen langs fjorden slapp den stadig aukande gjennomgangstrafikken. Det var langrennshelten Odd-Bjørn Hjelmeset som skar over snora. Til venstre står ordførar Anders Ryssdal, så fylkesordførar Nils R. Sandal, og til høgre vegsjef Lars Lefdal. Foto: Leif Bulling. © Fylkesarkivet.

Rutebilselskap

– sjå Firda Billag under Førde kommune.

Plan om jernbanehamn på Austrheim

Ein kom så langt at lina Vadheim-Sandane vart stukken ut. På Sandane skulle skinnene ende i ei ferjehamn på Austrheim.

I dag har fritidsbåtane Gloppefjorden for seg sjølv. Vi ser båthamna på Austrheim med Sandane og den gamle dampskipskaiai bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag har fritidsbåtane Gloppefjorden for seg sjølv. Vi ser båthamna på Austrheim med Sandane og den gamle dampskipskaiai bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferdsla på fjorden i Gloppen

Heilt frå Fylkesbaatane – Amtbaatane – starta nordfjordrutene sine i 1859 vart Sandane eitt av dei viktigaste knutepunkta for samferdsla. På Sandane enda nemleg den populære turistruta Vadheim-Førde-Sandane.

Båten på Breimsvatnet frakta mellom anna mjølkebilen til Firda Billag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Båten på Breimsvatnet frakta mellom anna mjølkebilen til Firda Billag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Rutebåten på Breimsvatnet

Breim Motorbåtlag vart skipa som eit aksjeselskap og stod bak innkjøpet av motorbåten ”Kvik” som kring 1920 vart sett i passasjer- og godsrute på Breimsvatnet.

Sandane lufthamn

Flyplassen på Anda vart opna 1975. Anda vart valt som småflyplass for Nordfjord etter vurdering av Markane i Stryn, Bjørlomona i Eid og Mona ved Sandane sentrum.

Eit Widerøe-fly på Sandane Lufthamn Anda. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Eit Widerøe-fly på Sandane Lufthamn Anda. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Fjordfly

Selskapet livnærte seg dei første åra i hovudsak på ambulanse- og avisflyging, og hadde midt på 1960-talet tre sjøfly. I 1967 bygde selskapet hangar på Elvaneset.

Post i Gloppen

Det første postkontoret i Gloppen kom i 1844 i Ryssfjøra. I 2010 vart det siste postkontoret i kommunen lagt ned, i staden får folk post i butikk-teneste.

Telefon og telegraf i Gloppen

Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Gloppen i 1905, var det det private «Sønd og Nordfjords Telefonselskab/Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab» som bygde og dreiv telefonnettet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.01.2011