Hopp til innhold
X
Innhald

Samson J. Vereide

Den første butikken låg på nedsida av vegen. Dette biletet er frå 1938. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Den første butikken låg på nedsida av vegen. Dette biletet er frå 1938. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Samson J. Vereide starta bakeri og landhandel på Vereide i 1906 under namnet S.J. Vereide. Frå 1915 til 1969 var det telefonstasjon i huset, og frå 1949 til 1991 postkontor.

Sonen Jon Vereide overtok drifta i 1944 og utvida bakeriet. I 1950 vart det bygt ny butikk ovanfor riksvegen. Sonen til Jon, Steinar Vereide, tok over i 1982. I 2011 vart drifta av butikken lagd ned – 105 år etter starten.

Jon Atle Vereide, sonen til Steinar, starta kafé og bakeriutsalet Bakaren på Sandane i 1996.

Butikken som vart bygd i 1950. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken som vart bygd i 1950. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011