Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane arbeidskyrkje

Sandane arbeidskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane arbeidskyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane arbeidskyrkje vart bygd i 1997. Arkitekt Hermann Hjertholm. Byggmeister Reed Bygg.

Første innsamlinga til kyrkje i Sandane sentrum starta på 1930-talet, og bygginga av arbeidskyrkja er gjort mykje på dugnad. Altertavla er glasmosaikk av Sven Havsteen Mikkelsen. Anna utstyr og inventar er frå innviingsåret.

Verdas lengste gudsteneste

Etter initiativ frå sokneprest Olaf Sigurd Gundersen vart «Verdas lengste gudsteneste» avvikla i denne kyrkja i påska 2001. Då vart Bibelen lesen frå perm til perm utan stopp på 88 timar og 25 minuttar. Gudstenesta starta skjærtorsdag føremiddag, og vart avslutta natt til 2. påskedag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2009