Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane Gullsmedforretning

Sandane Gullsmedforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Gullsmedforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Gullsmedforretning vart starta i 1909 på Sandane av frøken Synnøve Ingebriktsen og Abigael Iversen frå Bergen. Dei to vart på folkemunne kalla ”gulldamene ”. Dei første åra heldt forretninga til i Bondeheimen.

I 1920 bygde dei eige forretningsbygg. Frøken Ingebrigtsen vart seinare gift med handelslagsstyrar Jørgen Grønfur som overtok som eigar i 1948.

Hotellfamilien Sivertsen kom seinare inn på eigarsida. Dotter til hotelleigar Joakim Sivertsen, Margit, og ektemaken Egil Øygard, vart seinare eigarar. Sonen Arne Øygard overtok som eigar av gullsmedforretninga i 2004.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2009