Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane Skofabrikk

Sandane Skofabrikk vart starta i 1931 av Didrik Evebøfoss. Seinare tok sonen Dagfinn Evebøfoss over fabrikken som var i drift til kring 1950. Fabrikken heldt til på Kleivedammen og hadde på det meste seks-sju tilsette.

Elles dreiv også skomaker Karl Årdal på Sandane produksjon av sko i åra etter krigen, men dette var i mindre målestokk enn ved skofabrikken på Kleivedammen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2009