Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane Turn og Idrettslag – STIL

Turnhallen i bakgrunnen vart bygd i 1933.  Biletet er frå ei turnoppvising 7. juni 1945. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Turnhallen i bakgrunnen vart bygd i 1933. Biletet er frå ei turnoppvising 7. juni 1945. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

STIL - Sandane Turn og Idrettslag, vart skipa i 1900, same året som Nordfjord Idrætsforbund vart skipa som ei overbygning for alle idrettslag i fjorden.

Sentral skipar for begge var presten Reiel Nybø. Han leia turngruppa den første tida. Nordfjord Idrætsforbund arrangerte kvart år den første tida eit skirenn om vinteren og eit friidrettsstemne om hausten. Redaktør i bladet «Nordfjord», Hans Thorsen, vart første formann i STIL 1900-1904.

Skeiserenn på Gloppefjorden i 1923. Foto: Helge W. Lyslo.

Skeiserenn på Gloppefjorden i 1923. Foto: Helge W. Lyslo.

Hoppbakke, turnhall og idrettsplass

Fram til STIL bygde idrettsplass på Holvikgarden like ved Firda Gymnas i 1926, nytta idrettsfolket utstillingsplassen på Øyrane på Austrheim som idrettsbane.

Saman med Skilaget Fjellhug bygde STIL hoppbakke på Alme på 1920-talet. Det var også hoppbakke i Jølet, der ein kunne hoppe 45 meter. Seinare vart det bygt hoppbakke i Liabakken på Vereide, der ein kunne hoppe over 60 meter.

I 1933 bygde STIL Turnhallen på Sandane. Den nye Firdahallen stod ferdig i 1965.

Firdahallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firdahallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NM-bronse

STIL gjorde det svært godt i nasjonale friidrettsstemne på 1930-talet: I 1938 tok STIL bronse i 1000 meter stafett i NM med laget Asbjørn Hansen (sjå Kjende personar i Gloppen fødde år 1900-1930), Anton G. Skarstein, Sigmund Salveson og Anders Hansen. Den største friidrettsutøvaren frå bygda i åra etter krigen var Arne Lothe.

Ein del av æresmedlemene i STIL fotograferte i 1985.  Framme frå venstre Ragna Halvorsen, Olav K. Henden og Maria Nyhagen. Bak frå venstre Ragnar Ødven, Agnar Nyhagen, Sunneva Løken og Berent Sandene. Foto: Lyslo.

Ein del av æresmedlemene i STIL fotograferte i 1985. Framme frå venstre Ragna Halvorsen, Olav K. Henden og Maria Nyhagen. Bak frå venstre Ragnar Ødven, Agnar Nyhagen, Sunneva Løken og Berent Sandene. Foto: Lyslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2011