Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane

Sandane sett frå lufta. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Sandane sett frå lufta. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Samanlikna med andre strandstader i fylket er Sandane ein ”ung” tettstad. Medan dei andre kan telje mange hundre år bakover, så skaut utviklinga på Sandane fart først då Fylkesbaatane starta rutene sine dit.

Så seint som i 1890 budde det berre 134 personar på Sandane, men i åra som fylgde, kom veksten. Mot slutten av 1800-talet vart Sandane det nordlege endepunktet for turistruta Vadheim-Sandane, og på kort tid vart det bygd hotell og fleire forretningar på Sandane.

Men før denne tid, hadde både jølstringar og breimingar rett til sjøveg og naust på Sandane. Dei hadde også rett til hestebeite, slik t.d. folk frå Hafslo hadde ved Sognefjorden i Solvorn og Marifjøra (sjå Historia i Luster).

Futesete

Elles var den nærliggjande garden Eide sete for futen i Nordfjord frå siste halvpart av 1500-talet til 1609. Futen kravde inn skatt og tiende, og dette førde mykje trafikk til Sandane.

Sandane tidleg på 1900-talet. Vi ser Holvikjekta oppankra på fjorden.

Sandane tidleg på 1900-talet. Vi ser Holvikjekta oppankra på fjorden.

Presten dreiv skjenkestova

Kristen Reinholdtson Vibdorph fekk i 1715 kongebrev til å drive gjestgiveri på Sandane. Men då var det alt starta tilsvarande verksemd ved Vereide og på Hestenesøyra. Dette viser at desse stadane på den tida var vel så viktige kommunikasjonssentra som Sandane. Ein av dei som dreiv ”kro og gastgiveri” på Sandane var den omstridde presten Gabriel Heiberg (Gloppen). Då han vart tvinga til å reise frå Gloppen i 1765, selde han storgardane på Evebø og Eide - men ikkje den lukrative retten til å drive skjenkestova på Sandane.

Utvikling med dampbåten

Utvikling med dampbåten

Etter at «dampen» starta rutene på Sandane i 1871, kom utviklinga først og fremst på gardane Holvik og Austrheim. På kort tid grodde det opp fleire forretningar, og Gloppen Hotell, Bondeheimen og ikkje minst Sivertsens Hotell tok imot turistane (sjå Overnattingsverksemder i Gloppen).

Laksefiskarane kjøpte gardar

Ei viktig turistgruppe var laksefiskarane. I 1879 skreiv engelskmannen Fred Stafford leigekontrakt for heile elva for 12 år. Eit vilkår var at det gamle nyttefisket med kastenot og laksegardar skulle stoppast. I Evebøfossen vart det bygd laksetrapper i 1878 og 1880.

Nokre laksefiskarar kjøpte seg både gard og grunn i Gloppen: Holvikgarden vart i 1867 kjøpt av lensmann Arnoldus von Westen Sylow Lund, som flytta den gamle bispestova frå prestegarden på Vereide og sette den opp som bustadhus.

Hugo Mowinckel.

Hugo Mowinckel.

Fasanjakt på Sandane?

Då han flytta i 1894, vart tunet kjøpt av generalkonsul for Montenegro, Hugo Mowinckel, som var ein ivrig laksefiskar i Storelva. Han kjøpte seg mange rettar elles i Gloppen der han kunne drive jakt og fiske. Midt i Sandane sentrum fekk han skilt ut eit jordstykke som vart tinglyst som «Hugo Mowinckels Jaktfelt»(!). På skøytet skreiv han at her kunne han jakte, «dog ikke efter rugde». Han kalla seg «proprietær», og pryda garden sin med den snobbete nemninga «Holvig Gaard». Movinckel sikra seg også fallrettar i Gloppeeelva, og fekk løyve til ei sterk regulering av Breimsvatnet for å kunne drive storindustri. Han kjøpte også fallrettar i Norddalsvassdraget i Flora, også der med store industriplanar som det ikkje vart noko av. Hugo Mowinckel selde garden sin i 1917 til kjøpmann P. Petersen i Bergen.

Første hotellet

I 1890 bygde Kristoffer Gerhard Sivertsen Sivertsens Hotell på Sandane. Hotellet kjøpte seinare store fiskerettar som kjøpmann Petersen då eigde i Storelva. Hotellet – no Gloppen Hotell – har sidan hatt stort belegg av laksefiskarar i sommarsesongen.

Kultur og skule

Ein stor del av Holvikbruket vart kjøpt av kommunen kring 1920, m.a. for å byggje Firda Gymnas, der bygningen stod ferdig i 1924. Seinare kom idrettsplass og Turnhallen like ved, og på 1960-talet vart idrettshallen «Firdahallen» teken i bruk. I dette området vart den såkalla ”Trivselshagen” – eit politprosjekt for samling av undervisning, helse, kultur, idrett og forsking på same stad - reist i 2007-2008.

Firda vidaregåande skule og Trivselshagen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda vidaregåande skule og Trivselshagen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Museet og Glopperock

Etter å ha vore plassert i Åsen sidan skipinga i 1920, vart Nordfjord Folkemuseum i 1959 flytta til ny tomt i Jølet, og i 1995 vart eldfast museumsbygg teke i bruk. Her er det plass til utstillingar, magasin og kontor, og Fylkesarkivets fotoarkiv held til her. I Jølet har det gjennom fleire år vorte arrangert rocke-konsertar på festivalen «Glopperock».

Sentrumsvekst på Austrheimssida

Sentrumsvekst på Austrheimssida

Med unntak av Evebøfoss Fabrikker på Elvaneset, kom det meste av den kommersielle sentrumsveksten på Sandane i den første tida på Austheimsida, der dampskipsbryggja låg. Her kom Gloppen Hotell og Bondeheimen og ei mengd nye forretningar og småbedrifter. På Austrheimsøyra av sentrum låg Pelsingssentralen og utstillingshallane for pelsdyr. Her dreiv Vestlandske Salslag frå 1954 til 1964 eit slakteri. Den verna YVI-bedrifta Sandane Industri har og lokale på Austrheim. Gloppen Mølle, bygd 1917, ligg også her. Etter at både mølla og den gamle dampskipsekspedisjonen til Ødven er lagde ned, er dei gamle bygnigane ved sjøkanten tekne i bruk til bustader. Hausten 2001 vart sentrumgata Nordstrandvegen på Austrheim avlasta for den tunge gjennomgangstrafikken då Europaveg 39 vart lagd i ei ny vegline frå Kleivedammen til Hjelmeset.

Rådhus, bank og pels

På den gamle Holvik-garden og garden Sandene litt lengre mot sør inst inne i bukta kom den sterkaste utbygginga etter 2. verdskrig. På 1950-talet kom dominerande bygningar som rutebilstasjonen, det nye meieribygget, kommunehuset frå 1956, nybygg for Sparebanken i 1959, Firdakraft sitt administrasjonsbygg og Hendens sportsforretning. Samstundes vart det bygt fleire forretningsgardar langs Sørstrandsvegen og langs Firdavegen som går opp mot gymnaset. Gloppen Pelsdyrfórlag vart skipa i 1961 og bygde ut stort fórkjøkken midt i Sandane sentrum.

Ny hovudveg

Frå hausten 2001 er Europaveg 39 lagt i nybygd trasé frå Kleivedammen til Hjelmeset, og går såleis utanom det gamle bygdesenteret ved sjøen.

E39 på Kleivedammen, der det er avkøyrsle til Sandane sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E39 på Kleivedammen, der det er avkøyrsle til Sandane sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011