Hopp til innhold
X
Innhald

Signe Lise Larsson Bergheim

Signe Lise Larsson Bergheim, fødd 1948 i Oslo, busett i Breim. Ballettdansar og ballettpedagog.

Signe Lise Larsson Bergheim, fødd 1948 i Oslo, busett i Breim. Ballettdansar og ballettpedagog.

Ho er utdanna ved Norsk Balletthøgskole 1973 og ved studiar i Spania. Bergheim har arbeidd som ballettdansar ved fleire teater i Oslo, og har medverka i fleire TV-produksjonar 1973-1975.

Ho flytta til Breim i 1995 og starta Gloppen Dans- og Ballettskule i 1996. Skulen har årleg kring 200 elevar, og har hatt fleire framsyningar på Sandane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2009