Hopp til innhold
X
Innhald

Skjerdal Laks A/S

Skjerdal Laks. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skjerdal Laks. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skjerdal Laks A/S

settefiskanlegg i Skjerdal ved Hyefjorden, vart starta i 1985 som det første av denne typen anlegg i Gloppen. Anlegget har seinare vore eigd av Fjord Seafood-gruppa og hadde då fem tilsette og ei årsomsetning på 10 millionar kroner i år 2000. Grunneigaren Jens Skjerdal har seinare overteke anlegget som fekk namnet Skjerdal Settefisk. I 2011 vart settefiskselskapet slege konkurs etter at yngelen i anlegget strauk med.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2011