Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Gloppen

Per Sande teikna m.a. hovudbygningen på Firda Gymnas. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Per Sande teikna m.a. hovudbygningen på Firda Gymnas. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gloppen har vore en av dei viktige skulekommunane i fylket, ikkje minst fordi Firda Gymnas vart skipa på Sandane i 1922. Firda Gymnas var det første vidaregåande skuletilbodet i Sogn og Fjordane ved sida av Eids Gymnas2-årig som kom same året. Året etter, i 1923, starta kristenfolket Nordfjord Ungdomsskule på Vereide som eit ”mottrekk” mot det som dei oppfatta var det frilynde gymnaset på Sandane.

Første skulen i 1743

Sokneprest Gabriel Heiberg (Gloppen) fekk i stand den første skuleordninga i Gloppen i 1743.

Dei første skulane i Gloppen

Dei fleste skulehusa for barneskulen i Gloppen og Breim vart bygde i åra 1863-1884:

Jakob Hjelmeset

Jakob Hjelmeset

Friskulen til Hjelmeset

Jakob Hjelmeset starta i 1875 ein friskule på Apalset etter idear frå folkehøgskulen. Skulen dreiv han privat, og hadde 39 elevar det første året, fordelt på fleire kurs. Mange i Gloppen var skeptiske til dei radikale idèane som Hjelmeset fòr med, og arbeidde for å få Nordfjord ungdomsskule som ei motvekt mot «radikaliseringa». Det konservative kommunestyret gjorde Hjelmesæt også huslaus i Gloppen ved å stemple skulelokala hans uskikka. Hjelmesæt flytta difor friskulen sin til Breim i 1876, der Ludvig Bjørnereim hjelpte han med rimeleg hus. Skulen fekk 23 elevar, men vart lagt ned då Hjelmesæt døydde i 1877.

Amtsskulen på Apalset

Den første Amtsskulen i Sogn og Fjordane vart starta i 1876.

Ysteriet i Kandal, der det var meieristskule.

Ysteriet i Kandal, der det var meieristskule.

Arbeidsskular i Gloppen

Arbeidsskular etter mønster frå arbeidsskulen i Holmøyane (sjå Holmøy Arbeidsskule under Eid kommune) vart starta i 1880-åra av Peder Vilhelmson Flølo i Mardal, og på Breim kom arbeidsskule i 1906. Skulen i Mardal hadde opptil 14 elevar, og underviste i korgfletting, skomakararbeid og snekring. Den vart nedlagt i 1901. Ein av dei som gjekk på denne skulen var den kjende treskjæraren Aslak R. Tystad.

Framhaldsskule

vart sett i gang i Gloppen 1891. Frå 1921 vart det undervist i engelsk. I Breim starta framhaldsskule i 1894.

Meieristskule

Bygdemeieriet i Kandal i Breim var i første halvdel av 1900-talet statleg læreplass for meiersker. Her tok dei imot to lærlingar om gongen, som fekk opplæring i både ysting og smørproduksjon. Ein annan stad i fylket der det også var utdanning for meieristar, var i Vik i Sogn. Her vart det undervist i produksjon av gamalost.

Nordstranda skule (tidlegare Austrheim skule), ein av dagens barneskular i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordstranda skule (tidlegare Austrheim skule), ein av dagens barneskular i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reiel Nybø. Foto utlånt av familien.

Reiel Nybø. Foto utlånt av familien.

Nynorsk

vart innført som skulemål i ein del krinsar i Gloppen frå 1905, og i Breim frå 1909. I Sandane sentrum heldt ein på bokmål heilt til 1920.

Mellomskule

I 1899 starta sokneprest Reiel Nybø ein mellomskule på Sandane. Nybø dreiv skulen i privat regi på Sandane fram til 1903. Kommunen gjorde ein freistnad på å overta mellomskulen i 1901, men fekk ikkje støtte frå Staten til det. I 1921 vart fagkrinsen i framhaldsskulen utvida, og dette gjorde det mogeleg å starte kommunal mellomskule same året. Seinare vart denne kommunale skulen slegen saman med Firda Gymnas og realskule, og flytta inn i same bygning som gymnaset i 1924.

Firda Gymnas

vart skipa 1922 på Sandane etter initiativ frå Firda Mållag, Firda Ungdomslag, Sunnfjord Ungdomslag og Gloppen kommune.

Nordfjord ungdomsskule

på Vereide starta i 1923 som kristeleg folkehøgskule.

Teknisk kveldsskule

I åra under og kring 2. verdskrig vart det drive teknisk kveldsskule på Sandane. Undervisninga gjekk over tre år med ti timar i veka. Lærarane var i hovudsak henta frå Holmøy Arbeidsskule.

Hyen skule til høgre, samfunnshuset til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen skule til høgre, samfunnshuset til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ni-årig ungdomskule

vart innført i Gloppen i 1969. Det hadde då vore overgangsordningar frå framhaldsskule og realskule i eit par år. Ved sidan av ungdomsskulen på Sandane har det heile tida vore ungdomsskuleklassar ved Hyen skule.

Gloppen ungdomsskule. Foto: Olav Søreide.

Gloppen ungdomsskule. Foto: Olav Søreide.

Søreide skule

vart grunnlagt i 1974 som eit opplæringssenter for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for barn med lærevanskar.

Søreide kompetansesenter

– Sjå Søreide skule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

avdeling Sandane - sjå Søreide skule.

Søreide kompetansesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Søreide kompetansesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Først med kommunal musikkskule

Gloppen var den første kommunen i Sogn og Fjordane som starta kommunal musikkskule i 1974. Seinare har skulen fått namnet Gloppen kulturskule.

Nordfjordheimen

– skule og internat for psykisk utviklingshemma frå Nordfjord-kommunane.

Nordfjord folkehøgskule

– sjå Nordfjord ungdomsskule.

Norsk Fjordhestgard

på Råd i Breim har sidan 1988 drive undervisning i riding og stell av hest.

Norsk Idrettsveke

vart starta som skule for talentfull friidrettsungdom i 1992. Primus motor for idrettsveka har vore Magnus Willumsen, Breim.

Signe Lise Larsson Bergheim som starta Gloppen Dans- og ballettskule. Foto: Jan Nik. Hansen, Firda Tidend.

Signe Lise Larsson Bergheim som starta Gloppen Dans- og ballettskule. Foto: Jan Nik. Hansen, Firda Tidend.

Gloppen Dans- og Ballettskule

vart starta i 1996 av ballettdansar Signe Lies Larsson Bergheim. Skulen har årleg kring 200 elevar, og har hatt framsyningar i Aulaen på Sandane i 1997, 1998 og 2001. Bergheim vart i 2004 tildelt Fylkeskulturprisen for arbeidet med skulen.

Dagens barne- og ungdomsskular (2011):

  • Nordstranda skule (tidl. Austrheim) (1.-7. klasse)
  • Breim (Byrkjelo) (1.-7. klasse)
  • Hyen (1.-10. klasse)
  • Sandane (1.-7. klasse)
  • Gloppen ungdomsskule (8.-10. klasse)
  • Byrkjelo skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Byrkjelo skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2011