Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Meieri

Tine-anlegget på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tine-anlegget på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogn og Fjordane Meieri bygde i 1996 eit stort meieri til 55 millionar kroner på Byrkjelo.

Det fylkesomfemnande meieriselskapet har seinare gått inn i Tine Meieriet Vest BA. Stormeieriet på Byrkjelo tek imot mjølk frå leverandørar i heile Sogn og Fjordane og på Sunnmøre, og har seinare vorte mykje utvida med eit osteproduksjonsanlegg til 180 millionar kroner og har i 2008 kring 120 tilsette.

I 2010 produserte meieriet på Byrkjelo 9200 tonn Norvegia-ost og 2700 tonn brunost, medan det vart tappa 10,5 millionar liter konsummjølk. I alt 115 millionar liter mjølk gjekk gjennom anlegget dette året. I 2012 var dette auka til 126 millionar liter, av dette kom 105 millionar liter frå gardsbruk i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013