Hopp til innhold
X
Innhald

Søreide skule

Søreide Kompetansesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Søreide Kompetansesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Søreide skule vart grunnlagd i 1974 som eit opplæringssenter for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for barn med lærevanskar.

Skulen hadde også internat- «landsby». På det meste hadde skulen kring 100 tilsette. Ved HVPU-reforma på 1980-talet vart elevane førde tilbake til heimkommunane, og Søreide kompetansesenter har sidan drive ambulerande undervisning og anna fagleg støtte til grunnskuleelevar med lærevanskar.

Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde i fleire år ei line for musikkterapiutdanning på Sandane med kring 20 studentar, men denne lina vart flytta til Universitetet i Bergen i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2011