Hopp til innhold
X
Innhald

Spionbrørne Henden

Olav K. Henden. Privat foto.

Olav K. Henden. Privat foto.

Olav K. Henden var saman med broren Rolv Henden i Førde nøkkelpersonar i motstandsrørsla i Fjordane under 2. verdskrig. Lenge etter krigen vart det kjent at dei var med i den topphemmelege etterretningsorganisasjonen XU.

O.K. Henden hadde vore med i kampane i Gudbrandsdalen og på Åndalsnes i 1940, og organiserte den første Heimefront-gruppa i Gloppen i 1940. Fenrik Dagfinn Aardal frå Breim fekk i 1941 i oppdrag å organisere ein heimefrontstyrke på 50 mann i Gloppen og Breim. I 1944 vart Aardal arrestert, og O.K. Henden tok over leiinga av gruppa.

Den siste krigsvinteren var Olav og Rolv sentrale i oppbygginga av Milorg i Fjordane. Men organisasjonen sprakk og vart opprulla av Gestapo (sjå Høyanger kommune). Rolv kom seg i dekning, medan O.K. Henden vart arrestert på Sandane. Dette skjedde i forretninga hans. Han hadde skarpladd pistol i nærleiken og kunne forsvart seg, men let det vere: ”Eg kunne skote nazistane, men ei usynleg hand greip om armen min, og ei røyst sa at eg måtte la være. Dette berga nok både familien min og fleire med”, fortalde den truande mannen etter krigen. Henden vart hardt mishandla den tida han sat i fangenskap.

Rolv Henden.

Rolv Henden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.01.2011