Hopp til innhold
X
Innhald

Straume Hotell

Straume Hotell i 1938. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Straume Hotell i 1938. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Straume Hotell i Hyen vart bygd av gardbrukar Abel Torleivson Straume kring 1910. Han heitte før han gifta seg til Straume-garden Abel Torleivsson Indre Røed, og kom frå Stårheim. Hotellet låg på garden og tente også som vanleg bustadhus. Her tok Abel Straume imot norske og utanlandske laksefiskarar.

I bygslekontraktane med husmenn under garden hadde Abel fått med at husmenn ikkje kunne gå eigaren av hovudbruket i næringa ved å ta inn losjerande.

Den tidlegare hotellbygningen i 2006. Vi ser at laksefiskarane hadde kort veg til elva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare hotellbygningen i 2006. Vi ser at laksefiskarane hadde kort veg til elva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.01.2011