Hopp til innhold
X
Innhald

Straume i Hyen

Straume i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Straume i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Garden Straume nede ved fjorden utvikla seg til bygdesenteret i Hyen. Hyen kyrkje vart bygd her i 1876. Straume fekk anløp av Fylkesbaatane i 1875.

Bonden på Straume, Erke i Kvia, var dampskipsekspeditør og postopnar. Postkontoret innreia han på ein gamal fjøslem på garden. I 1901 bygde Abel Straume ny damskipskai, og var ekspeditør fram til 1917. Han tok også imot turistar som fiska laks i Hyen-elvane.

Straume i Hyen, prospektkort frå ca. 1900.

Straume i Hyen, prospektkort frå ca. 1900.

Kyrkjenaust ved fjorden

Kyrkjenaust ved fjorden

På Straume låg i gamal tid «kyrkjenausta» til hyarane på rekkje langs stranda. Her stod kyrkjebåtane som dei brukte til Vereide-kyrkja. Då Fylkesbaatane kom, vart nausta nytta som krøterfjøsar for slaktedyr som skulle med dampen til Bergen. Kring 1900 kom telefonen til Hyen, og O.M. Ommedal på Straume vart telefonstyrar.

Handel og turisme

Ved dampskipskaia i Hyen var det mest «Rønnekleiv-folk» som dreiv handel: Rasmus Jakobson Rønnekleiv starta landhandel i 1898. Ole Johan E. Rønnekleiv starta handel, og overtok dampskipsekspedisjonen i 1917. Sonen Eiliv driv forretninga vidare. Ein annan son, Olav, driv Hyen Fjordsenter. Erik E. Rønnekleiv starta bakeri og landhandel i 1914.

Dampskipskaia i Hyen, der Rasmus J. Rønnekleiv tok til med handel i 1898. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia i Hyen, der Rasmus J. Rønnekleiv tok til med handel i 1898. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Straumsholmen er det i nyare tid bygd skule, idrettsplass (frå 1929), garasjar for Hyen Billag (frå 1950 Firda Billag), og det er lagt ut bustadfelt. Kunstnaren Stig Eikaas (son til Ludvig Eikaas) driv kunstgalleri i bygda om sommaren.

Hurtigbåtar, modelltank og laks

På andre sida av fjordbotnen ligg hjørnesteinsbedrifta Brødrene Aa Båtbyggeri, og i Hyefjorden har Hyen Laks og Hyen Fisk oppdretts- og smoltanlegg. Dei eig også to oppdrettsanlegg ved Vemmelsvik og Gangsøy i Ytre Nordfjord, og smoltanlegget på Ryggøyra i Gloppen.

Brødrene Aa Båtbyggeri med det gamle anlegget til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Aa Båtbyggeri med det gamle anlegget til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2011