Hopp til innhold
X
Innhald

Strilar leigde lakseverpe

Storelva i Gloppen er kjend som ei av dei beste lakseelvane i fylket. – Les meir om laksefiskarane der under historia om utviklinga av reiseliv og anna næringsliv på Sandene. Også i Hyen har grunneigarane gjort gode inntekter på utleige av fiskerettar.

Fjordfiske etter laks gav mange gardsbruk gode inntekter – særleg der ein kunne drive laksefiske med såkalla lakseverpe (laksegilje) som t.d. ved Holme og Aa i Hyen og kring Hestenesøyra. På same vis som i Sogn, hende det at det kom strilar nordover som leigde seg lakseverpe om sommaren. Dette var m.a. tilfelle på gardane Hjelmeset som på slutten av 1800-talet leigde bort fiske med lakseverpe på Verpingsneset aust for Anda til tre brør frå Osterøy. Familien frå Osterøy bygde både hytte og ishus i Haneholmen og dreiv laksefiske der fram til 1966.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.11.2008