Hopp til innhold
X
Innhald

Strukturplast AS

Strukturplast AS i 2007. Etter det har Bano overteke fabrikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strukturplast AS i 2007. Etter det har Bano overteke fabrikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strukturplast AS vart skipa på Sandane i 1982 av Dagfinn Svangtun og Trygve Andenæs.

Verksemda heldt til i industriområdet i Mona og har produsert ulike plastprodukt som deksel, handtak og båtutstyr.

I 2007 vart verksemda kjøpt opp av Bano-gruppa. Bak dette firmaet står Torbjørn Olseth frå Herland på Atløy og Roy Elsayed frå Stongfjorden. Bano har avdelingar i fleire nordiske land og sel m.a. baderomsinnreiingar til eldreinstitusjonar.

I 2010 vart det vedteke at administrasjonen i Bano-gruppa skal flyttast frå Bergen til Sandane, og det er rekna med at selskapet har 15 tilsette i Gloppen i 2011. I 2012 flytta Bano AS hovudkontoret sitt frå Bergen til Sandane. Det utgjer mellom fem og ti tilsette. Til saman er det i 2012 rundt 35 tilsette på Sandane.

I tillegg til å produsere baderomsinnreiingar til Bano satsar Strukturplast og på produkt til undervass olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen.

Døme på baderomsinnreiing frå Bano. Foto: Hans Kristen Hyrve, NRK.

Døme på baderomsinnreiing frå Bano. Foto: Hans Kristen Hyrve, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.05.2012