Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Ottar Sandal

Dagleg leiar for renovasjonsselskapet Nordfjord Miljøverk – Nomil IKS frå 1997.

Svein Ottar Sandal fødd 1951 på Sandane. Lærar og politikar for Kristeleg Folkeparti. Ordførar i Haram kommune på Sunnmøre 1986-1989. Næringssjef i Gloppen 1989–1997.

Dagleg leiar for renovasjonsselskapet Nordfjord Miljøverk – Nomil IKS frå 1997.

Medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane frå 1995 til 2011.

Statssekretær i Samferdsledepartementet 1999–2000 i regjeringa til Kjell Magne Bondevik.

Bror til Arve Sandal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.09.2011