Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon og telegraf i Gloppen

Dei tilsette på telefonsentralen på Sandane den dagen sentralen vart lagd ned, 10. november 1983. Frå venstre telegrafstyrar Haldis Hjelmeset, Anne Marie Indrebø, Margit Ødven, Elisabeth Gimmestad og Anna Salveson. Foto: Firda Tidend.

Dei tilsette på telefonsentralen på Sandane den dagen sentralen vart lagd ned, 10. november 1983. Frå venstre telegrafstyrar Haldis Hjelmeset, Anne Marie Indrebø, Margit Ødven, Elisabeth Gimmestad og Anna Salveson. Foto: Firda Tidend.

Sønd og Nordfjord Telefonselskab

Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Gloppen i 1905, var det det private "Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab" som bygde og dreiv telefonnettet. Selskapet fekk konsesjon første gong i 1892. Ei av dei mest interessante strekningane for selskapet å byggje ut telefonsamband på, var ”turiststrekninga” Førde-Jølster-Breim – Sandane. Heile dette området fekk telefon i åra 1892-1893. Restane av dette private telefonselskapet gjekk over i "Hyen og Nesjenes Telefonselskab".

Hyen og Nesjenes Telefonselskab

– sjå Sønd og Nordfjord Telefonselskab.

Sandane

fekk privattelefon i 1892-1893. Rikstelefon i 1903. Som den siste større tettstaden i fylket, vart Sandane automatisert i 1983. Grunnen skulle vere at ein ikkje kom til semje om leigevilkåra der automatsentralen skulle halde hus.

Reed

fekk privattelefon i 1892-1893. Rikstelefon i 1902. Automatisert i 1982.

Bjørnereim

i Breim fekk privattelefon i 1893.

Egge

i Breim fekk privattelefon i 1892-1893. Rikstelefon frå 1903.

Byrkjelo

fekk rikstelefon i 1903. Automatisert i 1982.

Straume og Aa

i Hyen fekk privattelefon i 1906. Hyen vart automatisert i 1981.

Rygg

fekk privattelefon i 1906.

Hestenesøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestenesøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestenesøyra

fekk privattelefon i 1906.

Osmundsnes

fekk privattelefon i 1912.

Andre registrerte stasjonar som vi saknar fleire opplysningar om, var Kandal, Vereide og Vestre Hyen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011