Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Gjengedal

Terje Gjengedal. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Terje Gjengedal. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Terje Gjengedal fødd 1959 på Sandane, busett i Oslo fram til 2013, då han flytta heim til Sandane.. Professor og forskar i kraftproduksjon.

Sivilingeniør frå NTH i 1983. Tok doktorgraden i 1987 og arbeidde deretter som forskar og førsteamanuensis ved NTH. Han har vore gjesteprofessor ved University of Minnesota og seniorforskar i ABB, og leiar av Statkraft si utviklingsavdeling for vasskraft, vindkraft og andre energiformer.

Frå 2002 til 2007 har han vore professor i energiplanlegging. I 2007 fekk han eit nyskipa professorat i energiteknikk ved Høgskolen i Narvik, og frå 2009 forskingsdirektør i Statnett.

Gjengedal har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar for forskinga si, m.a. Elkraftprisen 2006.

Frå 2013 til 2015 var han konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.01.2016