Hopp til innhold
X
Innhald

Tobakk-avholdsforeninga

Den første losjeforeininga i Nordfjord var losje «Morgendemring» på Nordfjordeid, skipa 1892. I 1896 vart losje «Trofast» skipa på Sandane. Men ei anna «fråhaldsgruppe» i Gloppen hadde vore tidlegare ute med å organisere seg enn dei som arbeidde for totalfråhald frå alkohol:

Bredheims Tobakksafholdsforening

vart skipa 1883. Laget hadde sitt opphav i Breim: Skiparane var Ole P. Felde, Jens J. Moldestad og Anders R. Bjørnereim.

Tobakksfråhaldslaget kravde inn 10 kroner i mulkt av medlemer som brukte tobakk. Men trass i hard tukt, sanka likevel laget 144 medlemer i 1889. 37 høyrde heime i Innvik og Utvik, resten i Gloppen og Breim.

Laget vart avvikla midt på 1890-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.02.2009