Hopp til innhold
X
Innhald

Trude Raad

Trude Raad i sleggeringen. Foto: Rune Fossum, NRK.

Trude Raad i sleggeringen. Foto: Rune Fossum, NRK.

Trude Raad fødd 1990 i Breim. Friidrettsutøvar og vektløftar. Tok alt som 16-åring sølv i slegge i senior-NM i 2006 med eit kast på 51,06 meter. Same året vart ho junior-noregsmeister i diskos, og i slegge med eit kast på 52,54 meter. Ho tok bronse i dei same disiplinane i nordisk juniormeisterskap.

I 2007 kom ho til finalen i U18-VM i diskos og tok gull i slegge og diskos og sølv i kule under junior-NM. I senior-NM tok Raad bronse i sleggekast i 2006, sølv i både sleggekast og diskos frå 2007, 2008 og 2009, og sølv i kulestøyt frå 2008 og 2009.

Gull i OL for døve

Ho tok gull i diskos under OL for døve på Taiwan i 2009.

I 2010 vart ho norsk meister i vektløfting.

I junior-NM i friidrett i 2010 tok ho gull i slegge og diskos, og i senior-NM same året tok ho sølv i slegge.

I 2011 vart ho nummer 10 i U23-EM i slegge. I junior-NM 2011 tok ho gull både i slegge, kule og diskos. I senior-NM på heimebane på Byrkjelo same året tok ho sølvmedalje i slegge og diskos.

Også NM-medalje i vektløfting

I 2012 tok ho sølvmedalje i NM i vektløfting. Same året tok ho to gullmedaljar i VM for døve i Canada, og i junior-NM vart det gull i sleggekast.

I senior-NM 2012 tok ho sølv i slegge og bronse i diskos.

I 2013 tok ho igjen gull i VM for døve, denne gongen i Bulgaria. I senior-NM i friidrett i 2013 tok ho gullmedalje i slegge og bronsemedalje i diskos. I NM 2014 vart det ein ny gullmedalje i slegge.

Trude Raad var medaljegrossist i friidrett før ho fylte 20 år. Foto: Rune Fossum, NRK.

Trude Raad var medaljegrossist i friidrett før ho fylte 20 år. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015