Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Gloppen

I 2002 omkom to menn då eit småfly havarerte i fjorden ved enden av rullebana på Sandane Lufthamn. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

I 2002 omkom to menn då eit småfly havarerte i fjorden ved enden av rullebana på Sandane Lufthamn. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

1755

I 1755 vart ei kvinne i Årvik drepen i eit snøskred som råka garden. 13 husdyr vart drepne.

1784

I 1784 vart ei kvinne frå Gjengedal drepen i eit snøskred på Holme i Hyen.

1825

I 1825 drukna fem menn frå Gloppen under torskefiske ved Vågsvåg.

I 1827

omkom ein gardbrukar og ein plassmann i Devik då ei stor vassdemme brotna og fløymde over garden.

1831

I 1831 drukna fem gutar og ungdommar; brørne Ingebrigt og Brynjel Kandal, Ola R. Ness, Lars Byrgesson Rygg og Ola Andersson Sårheim då dei gjekk gjennom isen på Breimsvatnet. To av dei var brør frå Kandal.

1841

I 1841 drukna klokkar Anders K. Mardal og svigerfaren ved Årdalsstranda i Breimsvatnet då dei var på veg heim til Førde etter å ha kravd inn kyrkjeskatten på Reed. Også pengane gjekk til botnar då robåten kvelva.

1874

I 1874 drukna seks menn frå Gloppen, fem frå Hestenes, Lotsberg, ytre Hauge og Vereide, under vinterfisket på kysten.

1916

Julaftan 1916 drukna sonen Jakob, far Anders og bestefar Jakob Myklebust då dei gjekk gjennom isen på Sandalsvatnet i Breim. Guten hadde gått gjennom isen under fiske, og far og bestefar gjorde det same då dei skulle berge guten.

1923

I 1923 omkom fire konfirmantar frå Sørstranda på Gloppefjorden på veg heim frå Vereide. To robåtar med ungdom var i fylgje, og den eine gjekk rundt i elveskavlen ved Ryggøyra.

1928 - 1970 - 1979

I 1928 vart garden Os i Ommedal, Hyen, øydelagt av ei stein- og jordskrede, og ei jente omkom. Eigarane flytta frå garden, men nye eigarar bygde i 1950 opp nytt tun på ein stad ein meinte trygg for ras. Men i 1970 og 1979 vart gardshusa på nytt øydelagde av ras. Etter det siste raset, er driftsbygningane bygde i ekstra solid betong.

1928

I 1928 omkom ein mann 25 år gamal mann frå Bogstad i Breim då han under jakt må ha falle og fått skotet i magen.

1937

Andre juledag 1937 omkom far og ei dotter då dei gjekk gjennom isen på Storefjorden i vestre Hyen. Ei anna dotter vart berga.

Fire personar drukna på veg frå Lote til Hestenesøyra i 1962. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fire personar drukna på veg frå Lote til Hestenesøyra i 1962. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1962

I 1962 drukna fire personar frå Hestenesøyra på Lotsfjorden då dei var på veg heim frå eit møte på Lote.

1979

I 1979 omkom fire personar frå Sunnmøre då bilen deira køyrde utfor riksvegen og hamna i Breimsvatnet aust for Almenning.

1979

Jula 1979 omkom tre born og bestemora under ein husbrann på Ravnestad på Sørstranda.

1991

I 1991 drukna to gutar, som var på leirskule, i Breimsvatnet då kanoen deira kvelva.

1992

I 1992 omkom to born då våningshuset på Sjurbruket på Austrheim brann ned.

2002

I mai 2002 omkom to røynde flygarar frå Gloppen då dei havarerte med eit sjølvbygd småfly like ved flyplassen på Anda.

Slik såg det ut etter flaumen i Skjerdal i 2008. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Slik såg det ut etter flaumen i Skjerdal i 2008. Foto frå tv-reportasje, NRK.

2008

I 2008 måtte ein familie i Skjerdal flytte frå huset sitt etter at ein flaum i Skjerdalselva hausten 2007 hadde sopa mykje av jorda kring huset på fjorden, og bustadhuset stod i fare for å rase ut i elveløpet.

2010

I desember 2010 miste ein 14 år gamal gut livet i ein brann i ein flyktningebustad på Sandane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2011