Hopp til innhold
X
Innhald

Utslåttane

Bøndene langs Hyefjorden fann mykje av vinterforet høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bøndene langs Hyefjorden fann mykje av vinterforet høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før utskifting av gardar og modernisering av jordbruket kom i gang i siste halvpart av 1800-talet (kalla «det store hamskiftet»), vart den dyrka jorda her som elles i landet utpint ved sterk vårbeiting, manglande vekselbruk og dårleg gjødsling.

Det siste kom mykje av årbyte-ordninga – d.v.s. at drifta av dei ulike småteigane på innmarka gjekk på byte mellom gardbrukarane frå år til år. Mange rekna difor som så; at gjødsling det eine året kom ikkje til nytte før grannen tok over teigen året etter. Og når gjødslinga ikkje kom dei sjølve til gode, let dei det like godt vere.

Bøndene langs Hyefjorden fann mykje av vinterforet høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bøndene langs Hyefjorden fann mykje av vinterforet høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjølv om bygdene i Gloppen og Breim har noko av det vidaste og beste jordbrukslandet i fylket, var difor utslåttar i utmark og fjell svært viktig fôrtilfang. Utmarksgraset har dessutan etter tradisjonen vore rekna som ekstra næringsrikt. Kring ein fjerdedel av fôret til gardane i Gloppen kom kring 1860 frå utmarksslåtten. Langs Hyefjorden vart alle skorter høgt til fjells slegne med stuttorv.

Løypestrengar og meising

Det vanlege var å lagre turrhøyet frå utslåttene i små løer og køyre høyet heim med slede om vinteren – dersom ein ikkje hadde høve til å sende det unnabakke på løypestreng. Frå mange hundre meters høgde i Ryssdalshornet sende gardbrukarane i Ryssdal slåttegraset i såkalla «meiser», som rulla av seg sjølve heilt i Breimsvatnet. Her vart dei fanga opp og rodde til gards. Dei notliknande meisene kunne romme fleire hundre kilo høy, og er tekne vare på i Ryssdalstunet.

Dette biletet er teke av ein engelsk turist i 1900. Det viser Harald Nilsson Sandal på veg til slåtteteigen i Sandal i Myklebustdalen. Eigar av foto: Ingebjørg Sandal Sørfonn.

Dette biletet er teke av ein engelsk turist i 1900. Det viser Harald Nilsson Sandal på veg til slåtteteigen i Sandal i Myklebustdalen. Eigar av foto: Ingebjørg Sandal Sørfonn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2011