Hopp til innhold
X
Innhald

Veg gjennom Våtedalen

Våtedalen mot Breim på 1890-talet, få år etter at vegen gjennom dalen vart opna. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Våtedalen mot Breim på 1890-talet, få år etter at vegen gjennom dalen vart opna. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Kravet om veg gjennom Våtedalen vart sett fram i 1829. Men først i 1889 – 60 år seinare - vart båttrafikken på Breimsvatnet avløyst av nyevegen gjennom Våtedalen. Med Våtedalsvegen var Sunnfjord og Nordfjord knytte saman landverts. I 1891 kom så vegen Breim-Sandane, og dermed opna det seg heilt nye perspektiv for samferdsla i Fjordane: Det gamle trafikknutepunktet Reed kom i bakleksa. I staden vaks no Byrkjelo fram som tettstad og handelssenter for den indre Breimsbygda.

Turistbilar ventar på passasjerar frå eit cruiseskip på Sandane i 1935.

Turistbilar ventar på passasjerar frå eit cruiseskip på Sandane i 1935.

Populær turistrute

Men viktigast var likevel at dei nye vegane knytte Vadheim i Sogn saman med Sandane i Nordfjord i eit ubrote vegsamband. Vadheim vart no innfallporten for turistar som kom med englandsbåten til Bergen og reiste vidare nordover til fjordafylket med Fylkesbaatane. Turistane kunne no reise over-land-turar frå Vadheim til Sandane, der dei returnerte tilbake til Bergen med Fylkesbaatane.

Dette biletet viser at bilen alt i 1922 var teken i bruk til å frakte brurefylgje på Egge. Den einaste vi kjenner namnet på er sjåføren og brudgommen; Peder Egge. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Dette biletet viser at bilen alt i 1922 var teken i bruk til å frakte brurefylgje på Egge. Den einaste vi kjenner namnet på er sjåføren og brudgommen; Peder Egge. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Ruta vart svært populær, og på kort tid skaut det opp gode turisthotell langs denne strekninga. Eitt av dei var Hotel Germania på Egge i Våtedalen, bygd av Klaus A. Egge i 1890. Denne hotellbygningen er teken godt vare på, og står i sin opprinnelege stand den dag i dag.

På dagens E39 gjennom Våtedalen er farten noko større enn då hestekjerrene rådde grunnen før 1900. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dagens E39 gjennom Våtedalen er farten noko større enn då hestekjerrene rådde grunnen før 1900. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011