Hopp til innhold
X
Innhald

Veidekke Entreprenør AS

Sandtaket til AS Veidekke aust for Eide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandtaket til AS Veidekke aust for Eide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det landsomfemnande entreprenørselskapet Veidekke Entreprenør AS er i dag også eitt av dei største selskapa i byggebransjen i Sogn og Fjordane, og dei fleste er knytte til avdelinga på Sandane.

Veidekke på Sandane har opphavet sitt i at entreprenørselskapet Vogt Kielland starta ei avdeling der i 1967. Denne gjekk inn i Høyer Ellefsen (skipa 1896) i 1970. I 1984 slo Høyer Ellefsen seg saman med Astrup & Aubert til Astrup Høyer. I 1987 kjøpte Akergruppen verksemda og kalla den Aker Entreprenør.

I 1991 kom Veidekke inn på eigarsida og har sidan drive verksemda under namnet Veidekke. Dette selskapet har opphavet sitt i Danmark og skipa norsk avdeling i 1936.

Distriktskontoret i Sogn og Fjordane ligg i Sogndal. Veidekke har kring 80 tilsette i fylket. Dei har avdeling på Kaupanger, men hovudtygda av aktiviteten er knytt til avdelinga på Sandane som har kring 50 tilsette. Veidekke har eige betongblanderi i det store sandtaket aust for Eide.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009