Hopp til innhold
X
Innhald

Vereide og Apalset

Andenes, teikning frå 1860.

Andenes, teikning frå 1860.

Vereidekyrkja var hovudkyrkje for indre Nordfjord i mellomalderen, og på Vereide og Apalset budde det både sorenskrivarar og offiserar. Her kom også den første amtsskulen i fylket, og kristenfolket bygde ungdomsskulen sin på Vereide.

Få stader i Nordfjord er det gjort rikare fornfunn enn på Vereide. Ved prestegarden står m.a. ein fem alner høg bautastein. I folkevandringstida budde ei mektig hovdingætt på Vereide. Store gravhaugar vitnar om busetnad heilt tilbake til år 300 e. Kr.

Stormannen Eystein på Vereide som levde kring 1400, skal vere stamfar til «Augustinus-ætta» (iflg. J. Åland). Han åtte store jordgods.

Vereide kyrkje

Vereidekyrkja frå 1200-talet var «fjordungskyrkje» (hovudkyrkje) i Nordfjord. Steinkyrkja vart bygd så stor avdi ho var soknekyrkje for store deler av midtre og indre Nordfjord (sjå Kyrkjer i Gloppen). På prestegarden står framleis den staselege hovudbygningen frå 1780-talet, bygd av Ola Haugen frå Eid (sjå denne under «Kjende personar i Eid fødde år 1700-1800»).

Vereide sett frå Devik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vereide sett frå Devik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handel

I Korsvika ved sjøen hadde lensmannen gard på 1600-1700-talet. Han dreiv også gjestgjeveri og handel kring 1720. Nokre av gjestgjevarane her var Jens Berentson Balchen (1636–1721) og sonen Berent J. Balchen (1684–1754). Gloppekompaniet hadde eksersisplass på Vereide på 1700-1800-talet, og kommandanten budde på Apalset (sjå nedanfor). Wittrupane eigde også Korsvika ei tid. Korsvika er det kvite, to-etasjes huset som ligg i bakken aust for sandtaket ved gamle europaveg på Vereide.

S. M. Vereide daglegvarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

S. M. Vereide daglegvarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verksemder ved fjorden

Nede ved sjøen dukka det tidleg opp annan handel og verksemd: Alt i 1865 dreiv Mathias Øysteinson bokbinderi og bakeri her, og på same tid dreiv Erik Arneson Rye stor handel med fe og kjøt. I 1906 starta Samson Vereide landhandel og bakeri. Telefonstasjonen opna i 1915 (nedlagd 1969), og posten i 1949. På Kyrkjeberget vart det i 1925 bygd kai som avløyste ordninga med å ro folk og varer til Fylkesbaaten ute på fjorden. Båtrutene på Vereide varde til 1970. Ved sjøen ligg også Wall Svarstad sitt sagbruk, og eit sandtak.

I 1938 overtok Albert E. Vereide Erik Arneson Rye sitt slakteri, og utvida verksemda m.a. med avdeling på Sandane, seinare «Vereide Matsenter», som vart ei av dei største matvareforretningane i kommunen. På Vereide driv firmaet framleis produksjon av kjøtvarer. Broren til Albert Vereide, Per, starta Vereide Gartneri i 1937. Dette har vore drive av familien sidan.

Nordfjord folkehøgskule, tidlegare Nordfjord ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord folkehøgskule, tidlegare Nordfjord ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skule

I 1923 bygde misjonsfolket i Nordfjord Nordfjord ungdomsskule på Vereide.

Nabogarden Nybø vart i 1665 lagt ut som «presteenkjegard» for Lisbet Absalonsdatter. Siste presteenkja som budde på Nybø flytta i 1829. Seinare vart den brukt også som gard for kapellanen. På garden står kjempegrana «Nybø-grana» på 35 meter.

Prestegarden på Vereide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Prestegarden på Vereide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Styre og stell på Apalset

I 1657 busette sorenskrivaren i Nordfjord, Søfren Christenson Wittrup (1619–1669), på Apalset. Frå 1768 budde kommandanten for Gloppekompaniet på Apalset. Frå 1813 og nokre år var garden igjen tilhald for sorenskrivaren i Nordfjord. Etter at Gloppen vart kommune i 1837, vart kommunestyremøta i mange år haldne på Apalset.

Amtsskulen på Apalset var fylkets første amtsskule, og heldt til på Apalset frå starten i 1876 til den vart flytta til Innvik i 1886. På Apalset budde også brørne Jakob (1840-1912) og Andreas (1846–1913) Apalset, som var kjende jektebyggjarar. Dei bygde m.a.«Holvikjekta», som i 1905 vart sett på land på Austrheim og gjort til museum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011