Hopp til innhold
X
Innhald

Vestavind Kraft AS

vart skipa i 2005 av Sogn og Fjordane Energi (SFE), Tafjord Kraft på Sunnmøre, Sunnfjord Energi, Sognekraft, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK), Sunnhordland Kraftlag og Haugaland Kraft.

Selskapet skal sameine planane for utbygging av vindkraft for desse selskapa slik at inntektene frå vindkrafta kan verte verande i landsdelen. Vestavind Kraft skal ha hovudkontor på Sandane, samlokalisert med SFE. Aksjekapitalen er på 21 millionar kroner.

I 2014 overtok Svelgen Kraft Holding alle aksjane i Vestavind Kraft AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2014