Hopp til innhold
X
Innhald

1. verdskrig i Gulen

Vaktstasjonen på Kjerringfjellet ved Eivindvik i 1916. Karane som var på nøytralitetsvakt har fått besøk av familie og vener. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vaktstasjonen på Kjerringfjellet ved Eivindvik i 1916. Karane som var på nøytralitetsvakt har fått besøk av familie og vener. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vaktstasjon på fjelltopp

Marinekommando Vestlandet bygde under 1. verdskrig ein signalstasjon på Kjerringfjellet ved Eivindvik. Dette var ein observasjonspost som skulle vakte på fiendtlege skip. Den fekk namnet «Sognefjord Signalstasjon» og var utstyrt med sterke kikkertar og telefonsamband. Stasjonen vart rigga ned i 1928.

Engelske krigsgraver

Under 1. verdskrig fann ein lika av 16 engelske soldatar drivande i ein livbåt i Sognefjords-munningen mellom Hisarøy og Lihellene. Dei hadde truleg forlist og hadde omkome av svolt medan dei dreiv hjelpelause i livbåten ute på havet. Det vert fortalt at dei skipbrotne hadde freista å ete skolæret for å døyve svolten.

Soldatane vart gravlagde ved kyrkja i Eivindvik på ein stad som sidan vart kalla «Den engelske grava». Då minnesteinen vart reist like etter krigen, låg engelske krigsfarty på hamna utanfor Eivindvik, og soldatar stod æresvakt.

Levningane etter engelskmennene vart i 1961 flytta til ei samlegrav ved Fredrikstad, og minnestøtta i Eivindvik teken bort.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2010