Hopp til innhold
X
Innhald

Agnar Aas

Agnar Aas fødd 1951 på Takle i Gulen, oppvekst i Bøfjorden i Hyllestad og i Leikanger. Vassdrags- og energidirektør. Utdanna som jordskiftekandidat på Norges Landbrukshøgskole 1976. Har elles gjennomgått Solstrand-programmet og utdanning gjennom Administrativt forskningsfond, AFF.

Var landmålar i Finnmark jordskifterett mai-desember 1976, nestleiar i Finnmark jordsalgskontor 1977-1979, skogforvaltar i Troms Skogforvaltning 1979–1980, statsskogsjef i Direktoratet for Statens skoger 1990- 1992, adm. dir. i Statsskog, Namsos 1993-1998, rådgjevar i 20 prosents stilling i Nord–Trøndelagsforskning 1998-1999, vassdrags- og energidirektør i Norges vassdrags- og energidirektorat ( NVE) 1999-2011, og seniorrådgjevar i Statkraft 2011-2013. I 2013 flytta han til Albania som Director of Governmental Affairs i Statkraft sitt heileigde datterselskap Devoll Hydropower som byggjer to vasskraftverk i landet. Han bur i hovudstaden Tirana.

Agnar Aas har hatt styreverv i Senter for Bygdeturisme 1991-1995, arbeidsgjevarforeininga NAVO 1993–1996, har sete i fleire interne styre i Statsskog 1994-1998, i bransjeprosjektet «Levende Skog» 1994–1998, styremedlem i Moelven Industrier ASA 1997–1999, styreleiar i Norsk Institutt for skogforskning frå 1999 og styremdlem i Institutt for energiteknikk frå 2001.

Son til Sverre Aas.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2013