Faktaboks

Brekke
Etymologi
av norrønt ‘stor bakke’
Risnefjorden sett mot Brekke.
Risnefjorden sett mot Brekke.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Brekke kyrkje
Brekke kyrkje
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Brekke er ei grend i Gulen kommune i Vestland fylke. Brekke ligg ved Risnefjorden, som er ein fjordarm på sørsida av ytre del av Sognefjorden.

Brekke var eigen kommune i periodane 1850–1861 og 1905–1964. Brekke har sidan 1964 vore ein del av Gulen kommune.

Brekke kyrkje er ei langkyrkje frå 1862. Lovisendal er ein freda skrivargard frå 1819, som ligg rett opp for kaia. Naustmiljøet i Brekke er kulturminne.

Klima

Ved den meteorologiske målestasjonen på Verkland i Brekke er det sett fleire nedbørsrekordar.

På Verkland vart det registrert noregsrekord for nedbørsmengd på eitt kalenderår med 5546 mm i 1990. I 2011 kom det 715 mm regn, noko som var Noregs våtaste for sumarmånadene juni, juli og august det året. Den våtaste sommaren i Brekke var i 1964, då det fall heile 1284 millimeter regn.

Brekke er òg den staden i landet som har høgast gjennomsnittleg årsnedbør gjennom ein 30-årsperiode.

Kart

Brekke
Brekke
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg