Hopp til innhold
X
Innhald

Den gamle fylkesgrensa ved Dingeneset

Dingeneset, som før 1773 markerte grensa mellom Hordafylket og Sygnafylket. Her var det eit stort sjøslag i 978. I bakgrunnen ser vi Krakhellesundet i Solund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingeneset, som før 1773 markerte grensa mellom Hordafylket og Sygnafylket. Her var det eit stort sjøslag i 978. I bakgrunnen ser vi Krakhellesundet i Solund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingeneset ved innløpet til Sognefjorden var frå eldgamal tid grensa mellom Haurdafylket (Hordaland) og Sygnafylket (Sogn). Dette kan vere grunnen til at det i 978 stod eit stort sjøslag mellom Håkon Ladejarl og kong Ragnfrød Eiriksson ved Dingeneset.

Den delen av noverande Gulen kommune som låg sør for Dingeneset, høyrde i dansketida under futen i Nordhordland. Også kyrkja i Gulen låg under Nordhordland prosti fram til 1773.

I 1773 vart Eivindvik prestegjeld - dvs. det som no utgjer søre luten av Gulen kommune - lagt under futen i Sogn. Frå same år vart også denne delen av Gulen - Gulen Skibrede - ein del av Sogn og Fjordane fylke (Nordre Bergenhus amt).

I 1773 vart også fylkesgrensa lenger inne i Sogn regulert, ved at Oppheim krins gjekk over frå Aurland til Voss - sjå: Kommunehistoria i Aurland.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.08.2010