Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsdomar for barnedrap

Rutletangane. Her vart folk avretta før i tida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Rutletangane. Her vart folk avretta før i tida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På Rutle var det i gamal tid tingstad og rettarstad. I 1737 vart ei ung jente avretta fordi ho fire år tidlegare hadde fødd eit barn i løynd medan ho var i skogen og gjette husdyra. Barnet hadde ho kasta på elva slik at det skulle ha drukna. Ho hevda sjølv at barnet var dødfødt.

Fødde på stølen

I 1814 fødde Anna Johannesdotter Haugland frå Brekke eit barn på støylen. Ho vart tiltala for barnedrap og dømd til døden. Men saka vart anka til høgsterett, og Anna fekk omgjort straffa til to års fengsel. I 1801 vart elles to tjuvar avretta på Rutle. Også på holmen Systeinen ved Fallebø skal det etter segna om «Krakhelle-bila» ha vore ein rettarstad.

Dødsdom og nåde

I 1718 var det såvidt at Sygni Anbjørnsdotter frå Vatsvik ved Skjerjehamn ikkje fekk skild hovud frå kropp då ho vart dømd til døden for horeri og for å ha drepe sitt nyfødde barn. Sygni hevda at barnet var dødfødt. Domarane felte dødsdom, med bad samstundes om at kongen benåda Sygni, og det vart ho. Barnefaren vart dømd til å miste alt han åtte.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018