Hopp til innhold
X
Innhald

Drap stefaren

Her i Nordgulen drap Nils Johannesson stefaren sin i 1668. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her i Nordgulen drap Nils Johannesson stefaren sin i 1668. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1668 vart Nils Johannesson Tveit i Nordgulen avretta fordi han hadde drepe den nokolunde jamngamle stefaren sin.

Dei to kom dårleg ut med kvarandre, rauk ihop i slagsmål, og Nils puffa stefaren på elva slik at han drukna. Seinare frakta han liket ut på Gulafjordane, knytte ein stein til liket og søkkte det.

Nokre dagar seinare flaut liket opp og dreiv i land med steinen festa til armen, og Nils måtte vedgå ugjerninga. Han vart dømd til å få eine handa hoggen av medan han var i live. Så vart han halshoggen, og det avsjela liket vart lagt på steile til spott og spe.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018