Hopp til innhold
X
Innhald

Eivindvik prestegard

Herresalen er namnet på huset som sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl fekk bygt til seg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Herresalen er namnet på huset som sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl fekk bygt til seg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle prestegarden i Eivindvik var ein storgard som strekte seg frå Dingja i nord til Flolid i aust, og er nemnt som prestegard i 1327.

Ved ein takst i 1706 vert det talt opp 15 hus i tunet, og fleire av dei er tenarbustader. Prestane som budde her, hadde elles inntekter frå ei mengd gardar både i Eivindvik sokn og i kyrkjesokna Utvær (Solund), Bø i Hyllestad og i Brekke.

Enkjesete og mønsterhus

I 1726 vart garden Gryta nord for Eivindvik enkjesete - dvs. ein gard som presteenkjer kunne bu på og leve av etter at ektemaken var død. Gryta var enkjesete fram til 1854.

Herresalen og Gulen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Herresalen og Gulen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1742 fekk Eivindvik-presten assistanse av ein kapellan. Kapellanen fekk utskilt Vesetvik som gard for seg sjølv. Frå 1787 vart Fonnevik på andre sida av Prestesundet ved Eivindvik bustad for kapellanane. Her budde m.a. Niels Griis Alstrup Dahl som kapellan frå 1804 til 1809 - før han vart sokneprest - og bygde m.a. huset som framleis står der. Dette ynskte opplysningspresten Dahl skulle verte eit mønsterhus for korleis bustadhus for folk flest skulle innreiast.

Sogene om prestane i Eivindvik er mange og fargerike:

Presten vart stum

Størk Thomæsøn vart prest mellom 1637 og 1663. I 1653 kollsiglde han, og tre av skysskarane kom bort. Han sjølv berga seg etter eit døgn på kvelvet, men då hadde han vorte så kald og redd at han hadde mist både munn og mæle. Den stumme presten måtte difor ha vikarprest som kunne halde preikene for seg i tre år til han sjølv hadde fått tilbake talegåvene.

Prestestøtte til synda

I 1675 ville presten Troels Sørensen Glad betale bota for to av tenestefolka sine fordi dei vart oppdaga i «ulovleg ærend» i høystålet. Men futen nekta: Dei kåte syndarane måtte gjere opp for seg sjølve, og ikkje få pengestøtte frå presten etter slike syndige gleder!

Abraham lever!

Nicolai Stabel, sokneprest frå 1705-1726, dreiv streng kyrkjetukt: Han viste m.a. bort tre små sysken fordi dei ikkje kunne Fadervår utanåt, og nekta dei å kome inn att i kyrkja før dei kunne bøna på rams.

Særleg ille gjekk det med ei jente frå Storenes då ho skulle overhøyrast av Stabel i Eivindvik-kyrkja.

Presten spurde: Lever Abraham? Frå jenta kom det eit klårt og tydeleg «Ja!» Ho tenkte nok på ein heilt annan Abraham enn den gamaltestamentlege Abraham som presten hadde i tankane. Då vart presten så arg at han sende henne heim på flekken.

Men like etter døydde den uheldige jenta. Dette tok Stabel seg så nær av at han aldri sidan jaga nokon heim att fordi dei ikkje kunne leksa til konfirmasjonen.

Ølhandel ved kyrkja

Ølhandel ved kyrkja

Folk som lurte seg til å selje øl kring kyrkja i Eivindvik, vart kjeppjaga og stemnde for retten av presten. Elles kjøpte Stabell opp ei mengd gardar i Gulen og i andre bygder i ytre Sogn.

Gravlagd under altaret

Sokneprest Tomas Sommer, prest frå 1734 til 1769, måtte vere særs glad kona si, for då ho døydde i 1744, fekk han henne gravlagd under altaret i Eivindvik-kyrkja.

Vegprest

Stephan Dresing prest frå 1769 til 1792 - utarbeidde den første vegplanen i Gulen. Vegane skulle gå nord- og sørover frå Gulenfjorden og gjere det mogeleg å kunne ferdast frå Brekke ved Sognefjorden til Masfjorden utan å bruke båt. Dresing vart også ein stort jordeigar.

Niels Griis Alstrup Dahl

Men den soknepresten som har sett dei største merka etter seg, både i Gulen og elles i ytre Sogn, er Niels Griis Alstrup Dahl.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011