Hopp til innhold
X
Innhald

Englandsfarten

Den 15. august 1941 gjekk eigar og skipper Trygve Birknes frå Byrknesøy til Lerwick på Shetland med motorbåten «Notmann» med 10 personar ombord.

Trygve kom sjølv i krigsteneste resten av krigen, og var mannskap då jagaren «Svenner» vart søkkt i Den engelske kanalen under D -dagen (invasjonsdagen) 6. juni 1944.

Distriktslege Hallvard Natvik og skysskaren på legebåten, John Hellesund, var aktive motstandsfolk som frakta mange norske agentar kringom i fjordane på hemmeleg oppdrag under 2. verdskrig. På Byrknes var fabrikkeigar Martin E. Birknes ein sentral kontakt som hjelpte mange ungdomar å røme til Shetland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011