Hopp til innhold
X
Innhald

Gamal futegard flytta til Eivindvik

Det staselege huset på Undertun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det staselege huset på Undertun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På garden Undertun i Eivindvik busette lensmann Johan Widing Heiberg Landmark (1828-1908) seg i 1865. Han kom frå den forneme slekta Landmark på Tysse og Leitet i Fjaler.

På Undertun ville lensmannen bu standsmessig. Han kjøpte då eit flott gamalt hus frå Indre Kvamsøy og sette det opp på Undertun.

Huset står framleis. Det har saltak, småruta vindauge og utskore listverk. Bygdesoga fortel at huset tidlegare har stått i Arnafjord, og skal ha vore futegard. Men dersom det har tent som hus for Sogne-futen, har det mest truleg stått på Målsnes eller Flesje ved Balestrand (sjå: Fute- og offisersgarden Flesje), der futen budde på 1700-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.08.2010