Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri i Vikingvåg

Vikingvåg ligg på sørspissen av Byrknesøy. Her er det registrert gjestgiveri frå 1680. Då busette Brüning Ehlers seg der. Han skreiv også namnet sitt for Eilertsen.

Mannen var noko uryddig, for han slo seg til der utan løyve - korkje til å drive gardsdrift eller til å drive ølskjenking. Difor vart han støtt og stadig saksøkt for både ulovleg beiting og tuskhandel med øl. Men etter ei tid fekk han gjestegjevarløyve og rett til sal av øl og tobakk til reisande. Han stengde skjenkestoiva i 1745, og flytta derfrå. Ehlers hadde ellers skaffa seg fleire jordeigedomar langs Ånnelandssundet. Desse vart seinare selde på auksjon.

I 1786 var det på nytt ein kar som må møte i retten for å ha drive gjestgiveri utan løyve i Vikingvåg. Det var Jakob Klemetson. Han fekk klekkeleg bot, og måtte truleg selje eigedomen for å betale, for året etter er eigedomen på andre hender.

I 1789 kjøpte Alberts Shriver Kramer gjestgiveriet og dreiv til han døydde i 1785. Då tok Ola Hansson Nordgulen over, og etter den tid ser det ut til at det var slutt på skjenkestova i Vikingvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.07.2010