Hopp til innhold
X
Innhald

Gulatinget

Slik kan vi tenkje oss at det har sett ut under Gulatinget i eldre tid. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Slik kan vi tenkje oss at det har sett ut under Gulatinget i eldre tid. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Gulatinget ved Eivindvik er den eldste og viktigaste tingstaden i Noreg, og Gulatingslovene er dei eldste kjende «lovene» eller rettsreglane i Norden.

Gulatinget vart truleg skipa på slutten av 800-talet - truleg etter at Harald Hårfagre hadde sikra seg kontroll over Vestlandet og gjort slutt på stridane mellom dei lokale småkongane der.

Frå Gulatingstemna i 1938. Som vi ser var det folksamt, det blir sagt at det kom 3000 båtar med folk til stemna. Foto: P. R. Sandal. © Fylkesarkivet.

Frå Gulatingstemna i 1938. Som vi ser var det folksamt, det blir sagt at det kom 3000 båtar med folk til stemna. Foto: P. R. Sandal. © Fylkesarkivet.

Det starta med «allting»

På vårparten kvart år samla fleire hundre bønder seg til «lagting» for Vestlandet. Ingen hadde lov til å bere våpen på tinget. Gulatinget var den første tida eit «allting» der alle frie menn kunne møte. Dette var også skikken på dei lokale bygdetinga. Seinare gjekk Gulatinget over til å verte eit representasjonsting der utsendingane var valde representantar frå sine distrikt.

Lovseiemannen har ordet. Frå Gulatingstemna i 1938. Foto: P. R. Sandal. © Fylkesarkivet.

Lovseiemannen har ordet. Frå Gulatingstemna i 1938. Foto: P. R. Sandal. © Fylkesarkivet.

Gulatingslova nemner Gulatinget som det øvste av tre rettsnivå: Under Gulatinget skulle det vere fylkesting for kvart fylke – som t.d. i Firdafylket og Sygnafylket – og dinest fire fjordungsting under kvart fylkesting. Men den fremste eksperten på Gulatinget, professor Knut Helle, har ikkje funne skriftlege kjelder kring fylkesting og fjordungsting i mellomalderen.

Det er difor rimeleg å tru at det var bygdetinga som framleis tok seg av rettstvistar på lågare nivå.

Lovene vert skrivne ned

«Lovene» som ein dømde etter dei første hundreåra, var eigentleg eit sett uskrivne reglar for skikk og bruk i det gamle bondesamfunnet. Desse reglane vart overførde munnleg frå generasjon til generasjon av spesielt «lovkunnige» menn - lagmennene. Lagmennene fekk såleis mykje i seie på tingseta. Reglane dekte stadig vidare felt og vart meir og meir detaljerte etter som tida gjekk, og på slutten av 1000-talet tok ein til å skrive ned den første «Gulatingslova». Gulatinget og lovene som vart forma ut der, vart det viktigaste grunnlaget for den første norske landslova - Magnus Lagabøters Landslov frå 1274.

Gulatingstaden på Flolid. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gulatingstaden på Flolid. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gulatinget på Flolid?

Det er uvisst kvar i Gulen tinget låg, men det har truleg vorte samla i Eivindvik den første tida, og seinare flytta til Flolid, som ligg eit par kilometer aust for Eivindvik.

I 1936 vitja kong Haakon VII dei gamle tingvollane i Gulen, og same året vart det halde eit Gulatingstemne med 4.000 deltakarar. Sidan har det vorte halde fleire slike stemne med kjende historikarar som talarar. På Flolid har det sidan 1997 vorte framført eit historiespel - «Håkonarspelet» (Håkon Adalsteinfostre i Gulen - Håkon den gode) av Johannes Heggland.

”Tingveggen” av 22 granittsøyler, laga av kunstnaren Bård Breivik, er den mest iaugefallande delen av minnesmerket på Flolid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

”Tingveggen” av 22 granittsøyler, laga av kunstnaren Bård Breivik, er den mest iaugefallande delen av minnesmerket på Flolid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tusenårsstad

I år 2000 peika fylkestinget ut Flolid som Sogn og Fjordane sin «Tusenårsstad». Kunstnaren Bård Breivik vart engasjert for å skape eit stort minnesmerke for Gulatinget på Flolid. Sentrale element i kunstverket er 22 granittsøyler og ei ”tinghelle”. Tusenårsstaden vart offisielt opna den 27. august 2005 av stortingspresident Jørgen Kosmo, og med m.a. statsminister Kjell Magne Bondevik til stades.

Det har også vorte halde eigne «Gulatings-seminar» i Eivindvik, og planen er at desse fagseminara skal vere årvisse.

Vide grenser

Gulatinget omfatta fram til midten av 900-talet Firdafylke (Nordfjord og Sunnfjord), Sygnafylke (Sogn) og Haurdafylke (Hordaland). Gulen låg såleis i det geografiske smørauget for ein samlande tingrett for dei tre underordna rettskrinsane.

Frå midten av 900-talet vart Gulatinget utvida til å gjelde Sunnmøre, Rygjafylke (Rogaland) og Egdefylke (mesteparten av Agder). Etter at Landslova vart innført i 1274, kom også Setesdal, Hallingdal og Valdres inn under Gulatinget.

Gulatingslova vart også gjort gjeldande på Færøyane.

På Flolid står denne skulpturen som er ei gåve frå Hyllestad steinhoggarlaug. Den framstiller sverdet Kvernbit, som Håkon den gode skal ha kløyvd ein kvernstein inn til auget med. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Flolid står denne skulpturen som er ei gåve frå Hyllestad steinhoggarlaug. Den framstiller sverdet Kvernbit, som Håkon den gode skal ha kløyvd ein kvernstein inn til auget med. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulatingslova

Gulatingslova er ei samling rettsreglar eller sedvanereglar for Gulatinget sitt rettsområde fram til 1274. Den vart ofte kalla «Den eldre Gulatingslova», som vart avløyst av «den yngre» - dvs. Magnus Lagabøtes landslov frå 1274.

Dei eldste bevarte handskrift-fragmenta av Gulatingslova skriv seg frå 1100-talet. Den eldste fullstendige handskrifta er frå 1250, og er samansett av to tekstar: Den eldste er «Olavs-teksten» som støttar seg på Olav den heilage sin autoritet. Den yngste er «Magnus-teksten» som byggjer på Magnus Erlingson sin lovrevisjon frå tida like etter 1163. Eit eksemplar av Olavs-teksten som har vore i Bjørgvin-bispen Arne Sigurdsøn si eige, er teken vare på i universitetsbiblioteket i København.

Kven møtte på Gulatinget?

Dei første hundreåra kunne alle frie bønder møte på Gulatinget. Det var såleis eit ekte «allting», der kvar mann talde likt når sakene vart avgjorde.

Seinare gjekk ein over til eit «representasjonsting» ved at dei einskilde bygdelaga valde utsendingar eller «nemndemenn». Før 1163 reknar ein med at det møtte kring 400 nemndemenn på Gulatinget, i tillegg til utsendingar frå kongen og frå kyrkja. Frå midt på 1100-talet vart talet på utsendingar redusert til 248, og 100 år seinare til 148 nemndemenn.

Frå Håkon den godes tid - dvs. på midten av 900-talet - auka kongen makta si over tinget. I Snorre sine kongesagaer heiter det at Håkon den gode (Adalsteinfostre) «sette Gulatingslag». Dette tyder ikkje utan vidare at kongen personleg møtte på Gulatinget, men heller at han gjennom sendemenn hadde kontroll over tingsamlinga.

Eit avgjerande skilje kom då kongen - truleg kong Sverre midt på 1100-talet - tok til å oppnemne lagmannen - dvs. den fremste lovkunnige på tinget. Etter innføringa av landslova i 1274, tok den kongeoppnemnde lagmannen også over som domsmann på tinget.

Kva handla Gulatingslova om?

Den første bolken i Gulatingslova handlar om «kristenretten». «Olavs-teksten» fastset m.a. reglar for kristen åtferd og ytingar til kyrkja. Etter denne «kristenretten» skulle tinget opnast ved at utsendingane bøyde seg mot solrenninga i aust - i staden for mot nord, slik ein gjorde i heidensk tid.

Deler av lova har form som ei kontrakt mellom tingmennene på den eine sida og kongen og kyrkja på den andre, med ytingar og motytingar som er fastsette etter forhandlingar på tinget. Dette gjeld m.a. ytingane til militærstell og landsvern, og korleis kongen og hans sendemenn skal skjøtte oppgåvene sine.

Men det meste av lovtekstane omhandlar likevel den praktiske kvardagen i det norske bondesamfunnet i mellomalderen: Korleis dei skulle løyse økonomiske tvistesaker, reglar for ekteskap, trælehald og trælefrigjeving, jordleige og jordbruksdrift, arv og odel, sosial lagdeling, skade på liv og eigedom og tjuveri. Denne delen av «Gulatings-lag» var basert på eit sett nedarva, uskrivne reglar for skikk og bruk. På juristspråket kallast slike rettsreglar for «sedvanerett».

I «Magnus-teksten» er det også fastsett reglar for den norske tronfylgja.

Frå opninga av tusenårsstaden på Flolid. Foto: NRK.

Frå opninga av tusenårsstaden på Flolid. Foto: NRK.

Tinget flytta til Bergen

Like før 1300 vart Gulatinget flytta frå Gulen til Bergen. I kong Christian IV si Norske Lov av 1604 er «Gulating» bytt ut med «Bergen lagting». I 1797 vart Bergen lagdøme oppheva saman med dei andre norske lagdøma, og den 500 år gamle ordninga med lagmann vart teken bort. I staden fekk ein fire stiftsoverrettar.

I ei lov frå 1887 om straffeprosess innførte ein på nytt lagrette (jury), og formann i lagmannsretten fekk igjen nemninga lagmann. Dei andre domarane i lagmannsretten kallast lagdommarar.

Ved sida av Gulating lagmannsrett som har hovudsete i Bergen, har vi lagmannsrettane Eidsivating, Agder, Frostating og Hålogaland.

Bok om Gulatinget

I 2011 gav Selja Forlag ut boka ”Gulatinget”, skriven av Siri Ingvaldsen. Boka fortel historia om Gulatinet og Gulatingslova, og er ein kulturhistorisk vegvisar til tingstaden.

Tingveggen på Flolid sett frå lufta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tingveggen på Flolid sett frå lufta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2012