Hopp til innhold
X
Innhald

Gulen første TV-sendaren i fylket

Brosviksendaren med ustikt mot Solund (til venstre) og  nordsida av Sognefjorden. I disen ute i havet skimtar vi profilen til Alden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brosviksendaren med ustikt mot Solund (til venstre) og nordsida av Sognefjorden. I disen ute i havet skimtar vi profilen til Alden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Første TV-sendaren i Sogn og Fjordane vart bygt på det 722 meter høge fjellet Brosviksåta. Alt i 1957 vart det bygt ein FM-sendar på fjelltoppen, og i 1963 kom TV-sendaren i drift.

I 1967 vart det bygt veg til fjelltoppen, og stasjonen vart mykje utvida, m.a. med ei 74 meter høg mast.

Første TV-apparatet

Den første som skaffa seg TV-apparat i Gulen i 1960 var den pensjonerte Fylkesbaat-skipperen Johannes Norstein, som budde i Eivindvik. Før sendaren på Brosviksåta kom i drift, tok folk i Sogn og Fjordane inn signala frå sendaren på Ulriken i Bergen med ekstra store antenner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.08.2010