Hopp til innhold
X
Innhald

Gulen realskule på Byrknesøy

I to år var det realskule i den eldste av skulebygningane på Byrknes skule. Realskuleelevane heldt for det meste til i arka i tredje etasje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I to år var det realskule i den eldste av skulebygningane på Byrknes skule. Realskuleelevane heldt for det meste til i arka i tredje etasje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Etter opptak frå lærar Pål Tveit, vart det i 1945 starta 2-årig realskule i det gamle skulehuset på Byrknes. Skulen heitte Gulen realskule, og forutan Tveit var også Anton Moland frå Arendal og Reidar Rygg frå Gloppen lærarar.

I det første kullet var det fire jenter og fem gutar, som i 1947 tok eksamen som privatistar. Sidan Gulen realskule ikkje hadde eksamensrett, måtte dei gå opp som privatistar ved realskulen på Lindås.

I 1946 vart det teke inn eit nytt årskull, men realskulen vart lagt ned i 1947, og desse måtte difor ta andre undervisningsåret på andre realskular i distriktet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.08.2010