Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon den gode

Håkon Adalsteinfostre (ca. 902-961). Norsk konge, også kalla Håkon den gode. Son av kong Harald Hårfagre.

Oppfostra i England

Som ein av minst ni kongssøner, vart Håkon oppfostra hos kong Athelstan (Adalstein) i England i åra 925-939. I England vart han kjend med kristendomen, og henta truleg geistlege derfrå for å fremje kristendomen i Noreg.

Gulatinget

I den eldste norske kongesoga, «Agrip», heiter det at Håkon i si regjeringstid (ca. 932-961) «sette Gulatingslag» - dvs. fastsette kva som skulle vere «Gulatingslov». Dette kan også tyde at det var Håkon den gode som grunnla sjølve Gulatinget. Men mest truleg eksisterte det eit Gulating før hans tid.

Bygde ut Gulatinget

Håkon bygde tinget sine rettsordningar vidare ut - mykje basert på rettspraksis som han henta med seg frå engelske lover. Fleire kjelder peikar nemleg på at kongen var ein aktiv lovmakar, slik fosterfaren Athelstan hadde vore: Håkon utvida Gulatinget til å omfatte Sunnmøre, Rogaland (Rygjafylke) og store deler av Agder (Egdafylke). Truleg fastsette han også ei ordning med «nemndemenn» som utsendingar til tinget frå dei einskilde distrikta. Dette endra tinget frå å vere eit «allting» til eit «lagting». Ein har ingen prov på at kongen sjølv møtte på Gulatinget, slik det vert framstilt i sogespelet «Håkonarspelet», som vert framført kvart år på det ein meiner kan vere tingstaden på Flolid.

Innførte leidang

Håkon Adalsteinfostre innførte også leidangsordninga - ei forsvarsordning for kystområda i Noreg, der kvart «skipreide» hadde plikt på seg til å stille eit fullt utrusta krigsskip med mannskap til kongens hjelp i ufredstider. Skipreida omfatta bygder «så langt inn i landet som laksen går».

Håkon døydde i eit slag ved Fitjar på Stord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008