Hopp til innhold
X
Innhald

Hamn og gjestgjevarar på Hisarøy

Nyhamar, der det var handel og gjestgiveri.. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nyhamar, der det var handel og gjestgiveri.. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skottevika var utskipinghamn

På Hisarøy nordvest for Eivindvik ligg garden Nyhamar og Skottevika. Staden har truleg namnet sitt frå ei tid kring 1500-talet då skottar, engelskmenn og nederlendarar kjøpte mykje tømmer i Noreg. I bygdeboka for Gulen reknar ein med at det var tømmer frå næraste bygdene i Gulen som vart lasta ombord i dei utanlandske skipa i Skottevika.

Like sannsynleg er det at Skottevika vart nytta som transitt-hamn for tømmer innanfrå Sognefjorden, der det kunne vere vanskeleg å finne høveleg bør inn og ut for for seglskipa som skulle utanlands.

Også gjestgiveri på Nyhamar

På Nyhamar var det også frå kring 1630 både handel og gjestgiveri. Den første gjestgjevaren var Christoffer Torkjelsson som truleg var borgar i Bergen. I 1664 tok Mons Mikkelsson over. Same året vart det halde ting på Nyhamar.

I 1676 herja nokre sjørøvarar i Gulen, og for å jage dei bort, vart det sendt ei hæravdeling frå Bergen. Soldatane budde då på Nyhamar.

På Nyhamarberget vart det drive eit gjestgiveri heilt fram til 1900-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010