Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstaden Børholmen

Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På austsida - i le for havstormen - låg den gamle handelsstaden Børholmen. Framleis, i 2002, står bustadhuset, ei sjøbu og naust att etter den tida, medan ei tingstove vart riven på 1990-talet. Her vart det heilt frå omlag 1663 drive handel og gjestgiveri av folk som hadde borgarbrev i Bergen. Den første er Søfren Kristensen Nagel, og frå 1680 finn vi Albert Lampe som kremmar på holmen fram til han døydde i 1701.

Kongeleg privilegium

Etter at staden hadde lege nede nokre år, kjøpte bergensarane Johan Pettersen Fasmer og Cornelius Jansen Foermand eigedomen i 1746, og får året etter kongeleg privilegium på å drive handel og gjestgiveri. Dermed vert Børholmen den einaste privilegerte handelsstaden i Gulen skipreie. Cornelius Foermand tok like etter over heile eigedomen og dreiv staden til 1789.

Då tok Bergens-firmaet Lyder Wentzel Nicolaisen & Søn over på Børholmen. Firmaet dreiv Børholmen fram til kring 1800, men staden vart driven av tenestefolk.

Ein tiltaksfør sunnmøring

Etter å ha vore på ulike hender nokre år, kjøpte handelsbetjent Knut Johan Åmundsson (1773-1849) frå Borgund Børholmen i 1817 og dreiv fram til 1837. Han tente m.a. ein god slump ekstra på ulovleg sal av brennevin, og slo under seg mange gardar i Gulen. Han eigde eit par jekter, og starta tranbrenneri på Grimelandet.

Mange av dei som arbeidde for han, kom frå Sunnmøre. I 1840 kjøpte eit par av desse, Petter Måseidvåg og Ole Andreas Eikrem, Børholmen, og desse to dreiv staden saman fram til 1860. Då delte dei eigedomen: Petter Måseidvåg fekk gardsbruket medan Ole Eikrem fekk handelen, og dreiv den til han døydde i 1882. Tre år seinare vart både gjestgiveri og handel på Børholmen lagt ned.

Kaia på Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kaia på Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010