Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstaden Glavær

Glavær på 1920-talet. Originalfotoet heng på Norsk Folkemuseum. Eigar: Randi H. Wergeland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Glavær på 1920-talet. Originalfotoet heng på Norsk Folkemuseum. Eigar: Randi H. Wergeland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Når jektene i gamle dagar kom nordfrå gjennom Ytre Steinsund i Solund og hadde kryssa Sognesjøen, var Glavær den første jektehamna dei kom til på sørsida.

Her veit ein sikkert at det var gjestgiveri frå midten av 1600-talet - truleg endå lengre tilbake. I 1753 var det Hans Anderssen og kona Gische Luth som dreiv gjestgjevarstaden i Glavær. På same vis som gjestgjevaren i Skjerjehamn, spedde dei på inntekta ved å selje øl kring kyrkja i Eivindvik på preikesundag. Dei slapp unna straff for det, men måtte betale ei erstatning til kremmaren i Skjerjehamn for å ha drive ulovleg varehandel i Glavær. Men då Andersen i 1778 fekk nya opp att gjestgjevarløyvet, fekk han forbod mot å brenne sitt eige brennevin.

Skjenkestova på museum

I 1784 tok svigersonen Anders Olsson Skitvigen over Glavær og dreiv staden til 1811. Frå hans tid stammar truleg den skjenkestova som i 1930 vart flytta til Sogn Folkemuseum iKaupanger. På loftet i stova er det innreia arrest til å putte overstadig rusa og kranglevorne gjestar i til dei roa seg.

Glaværstova på Sogn Fjordmuseum i Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Glaværstova på Sogn Fjordmuseum i Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tvangssal og brennevinshandel

Frå 1811 dreiv sonen Søren Andersson Skitvigen handel og gjestgiveri til 1848, då ein kar som var komen oppover frå Bergen som butikkdreng - Jens Johan Andersson - kjøpte heile eigedomen. Men han sat ikkje med Glavær meir enn i tre år, då han måtte tvangsselje til Nils Nordanger frå Manger. Nordanger dreiv både handelen, gjestgiveriet og gardsbruket fram til 1871. Han fekk i 1869 kongebrev på at han kunne drive brennevinshandel - og lovleggjorde dermed ein tuskhandel som hadde vore drive på Glavær i lang tid.

Enkja Georgine dreiv staden åleine i eit par år etter at ektemaken døydde i 1872. Så gifte ho seg opp att med Klaus Olsson Børholm, og i den tida dei to dreiv Glavær fram til 1909, vart det også slutt på handelen og gjestgiveri på staden - truleg før 1890.

Målarstykke på veggene

Dei gamle stovehusa på Glavær vart sette i stand på 1950-talet av eigaren Arnold Lockertsen. Han dekorerte veggar og dører med eigne målarstykke. Det har ikkje budd fastbuande på Glavær sidan 1992, då Karl og Olga Glavær flytta inn til Byrknes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010