Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstaden Sygnefest

Sygnefest ligg ved innløpet til Sognefjorden. På Sygnefest er det drive handel sidan 1600-talet. 

Slik såg det ut på Sygnefest i 1947. Det store kvite huset vart bygt etter ein storbrann i 1896, og dette huset brann ned i 1961. Båten til høgre er Sjøkartverket sin ”Petrellen”. I høgre biletkant er eitt av dampskipa til Fylkesbaatane på veg inn Sognefjorden. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Eikefjord/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Slik såg det ut på Sygnefest i 1947. Det store kvite huset vart bygt etter ein storbrann i 1896, og dette huset brann ned i 1961. Båten til høgre er Sjøkartverket sin ”Petrellen”. I høgre biletkant er eitt av dampskipa til Fylkesbaatane på veg inn Sognefjorden. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Eikefjord/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ved innløpet til Sognefjorden ligg Sygnefest, der siglande folk snakka om eit «vindskifte» mellom sjølve Sognefjorden og det opnare havstykket utanfor. Austakulingen kunne stå i vekesvis ut Sognefjorden, og jekter på veg innover hadde berre å leggje seg til på Sygnefest og vente på høveleg bør. Det hende at jektene låg verfaste i Sygnefest i sju veker.

Ingebrigt Sognefest eigde sjølv jekta «Karoline», som var kjend som ein skarpseglar. Ein gong kasta han loss frå Bergen samstundes med rutebåten. Då dampbåten var framme i Sygnefest, tok Ingebrigt imot den som ekspeditør! Ein annan gong sigla same jekta Sygnefest-Årdal på 12 timar.

Tuskhandel kring kyrkja

Alt kring 1670 var det ein kar som dreiv ein slags handel på Sygnefest, for i 1675 vart ein husmann jaga frå staden etter å ha vorte klaga av kremmarane i Skjerjehamn og Glavær fordi han gjekk dei i næringa med handel til dei reisande. Frå tidleg på 1700-talet var det også eit gjestgiveri på Sygnefest.

Sygnefest slik staden ser ut i dag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sygnefest slik staden ser ut i dag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1739 var staden bygt så mykje ut at det vart halde ting på Sygnefest, og då vart det rådd til at det vart skipa gjestgiveri både der og på Handelsstaden Værholmen vest for Lavik, på nordsida av Sognefjorden. I 1765 skøyter gjestgjevaren Arne Gullakson staden over til Zakarias Svabø, og i 1767 tek Åmund Mathiasson frå Jostedalen over. Han fylgjer opp «tradisjonen» som vi kjenner frå gjestgiveria i Glavær og Skjerjehamn: Han skøytte på inntekta med å selje øl kring kyrkja i Eivindvik på kyrkjesundag, og får bot for det.

Konebrev på handelen

Då Åmund Mathiasson døydde, fekk enkja Sidselle i 1778 kongebrev på at ho kunne drive gjestgiveri og handel med tobakk på Sygnefest. Ho dreiv staden fram til 1804 saman med borna sine Lars og Anna. Då kom Johannes Larsson Gloppe frå Solund som eigar. Han hadde tidlegare truleg vore handelsbetjent på Handelsstaden Gåsvær i Solund.

Drepen med vedskie

Johannes Gloppe vart slegen i hjel med ei vedaskide i 1822: Ombord på ei jekt som låg til ankers ved Sygnefest var det einkvan som hadde fyrt opp i omnen. Dette var strengt forbode på grunn av brannfåren når jektene låg jamsides i ei hamn. Johannes sprang til og sløkkte elden med ei bøtte sjøvatn. Då rauk ein illsint kar frå jektemannskapet på han og slo han så tungt med ei vedskie at Johannes vart drepen.

Første jordmora i ytre Sogn

Ei av døtrene til Johannes Gloppe, Ingeborg Marianne, gifta seg med Peder Davidson Svabø frå Indre Kroken i Luster. Han hadde ei tid drive ein skrantande landhandel i heimbygda før han flytta til Sygnefest. I 1828 vart Ingeborg Marianne Svabø den første jordmora i ytre Sogn. Det var opplysningespresten Niels Griis Alstrup Dahl som fekk henne på jordmorskule i Oslo. Ho gjorde teneste som jordmor til 1844. Men i Sogn som elles i landet, vart den nymotens jordmortenesta møtt med mistru fordi det braut med gamle skikkar kring fødsel.

Ingeborg hadde det heller ikkje godt heime, for å 1939 vart ektemannen dømd til tukthus i 10 år for å ha mishandla kona. Peder Svabø var både brutal og drikkfeldig, og i 1834 måtte han selje Sygnefest. Etter at han hadde sona straffa, levde dei resten av livet i eit lite hus på Sygnefest «på forsorg» av fattigstyret.

Gjestgiveriet avvikla

Den som kjøpte Sygnefest av Svabø i 1834, var bergensaren Lars Antoniussen, som ei tid hadde drive handel på Husøy i Solund kommune. No skøytte han Sygnefest over på svigersonen Mons Andersson Steinsund, som dreiv gjestgiveriet og handelen fram til 1873. Ein annan som hadde odelsrett til Sygnefest på denne tida, var notbas Andreas Monsson Sygnefest, men han var fråhaldsmann og ville ikkje ta over eigedomen fordi det var skjenking der. Etter 1897 har det ikkje vore gjestgiveri på Sygnefest, for no var Fylkesbaatane i jamn drift, og ferdafolk hadde ikkje trong for å overnatte.

Brann og nedlegging

Ingebrigt Søreide (1845-1930) frå Kyrkjebø var eigar av Sygnefest frå 1877. Han eigde også jekter og var skipper. I 1886 vart han postopnar, og i 1890 bygde han kai slik at rutebåtane kunne leggje til i staden for å bli borda ute på vika.

Same året brann heile handelsstaden på Sygnefest ned. Søreide bygde då m.a. opp att eit stort toetasjes hus det der var plass som både landhandel og gjestgiveri. Dette huset stod til det brann ned i 1961. Same året vart det bygt nytt hus med butikk og postkontor. Sonen Hans Ingebrigtsson Søreide tok over på Sygnefest i 1918 og dreiv staden fram til han drukna i 1936. Familien flytta då til Eivindvik, og overlet eigedomen til Johan Ingebrigtsson Sognefest, som dreiv forretninga fram til 1951. Sonen Johansson Sognefest tok over i 1951 og dreiv det saman med kona Ragnhild. Olav og Ragnhild Sognefest dreiv butikk og post til Olav døydde i 1970. Etter det dreiv Ellingsen Brekke butikken til 1978.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.01.2018