Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstader i Gulen

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hamn og gjestgjevarar på Hisarøy

På Hisarøy nordvest for Eivindvik ligg garden Nyhamar og Skottevika. Staden har truleg namnet sitt frå ei tid kring 1500-talet då skottar, engelskmenn og nederlendarar kjøpte mykje tømmer i Noreg. Det var også gjestgjevar på Nyhamar.

Skjerjehamn

Ved skipsleia sørvest for kommunesenteret Eivindvik ligg Skjerjehamn. I dag ligg staden einbølt til, utan faste rutesamband. Men heilt fram til 1950-talet var Skjerjehamn eit av dei viktigaste knutepunkta i samferdsla i Sogn og Fjordane.

Handels- og gjestgjevarstaden Glavær

Når jektene i gamle dagar kom nordfrå gjennom Ytre Steinsund i Solund og hadde kryssa Sognesjøen, var Glavær den første jektehamna dei kom til på sørsida.

Handels- og gjestgjevarstaden Børholmen

På austsida - i le for havstormen - låg den gamle handelsstaden Børholmen. Framleis, i 2002, står bustadhuset, ei sjøbu og naust att etter den tida, medan ei tingstove vart riven på 1990-talet.

Handels- og gjestgjevarstaden Sygnefest

Austakulingen kunne stå i vekesvis ut Sognefjorden, og jekter på veg innover hadde berre å leggje seg til på Sygnefest og vente på høveleg bør. Det hende at jektene låg verfaste i Sygnefest i sju veker.

Handel på Grima

Blomholm ligg på øya Grima like nord for Byrknesøy. Her starta folk frå Bergens- slekta Fleum (også skrive Plum) handel og skjenkestove kring 1600.

Handel på Byrknes

I Noregåta på Byrknes starta Jacob Biørnsen med handel i 1665. Frå 1672 var det Søfren Berntsson Nagel som dreiv handelen.

I Sellevåg var det gjestgiveri og handel på 1600-talet. Midt på biletet ser vi Sellevåg Treskofabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I Sellevåg var det gjestgiveri og handel på 1600-talet. Midt på biletet ser vi Sellevåg Treskofabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Handel ved Brandangersundet

Sør for Eivindvik går kystleia gjennom Brandangersundet. Her ligg Sellevåg, der ein Bergens-borgar som heitte Johan (eller Jon) Dirch dreiv gjestgiveri og handel i nokre år midt på 1600-talet. Dirch er ikkje nemnt etter 1665, for truleg flytta han og busette seg som husmann i Vatsvik ved Skjerjehamn.

Handel på Tunsberg

Garden Tunsberg ligg på austsida av Ånnelandssundet. I 1657 kom ein mann som heitte Torkjel dit. Han var truleg utsend frå Bergen for å drive handel på Tunsberg, som ligg lagleg til ved skipsleia. Her søkte ofte jekter naudhamn når dei ikkje kunne segle over Fensfjorden. Handelsperioden må ha vore kortvarig, og det er ikkje kjent om det vart knytte særskilde privilegium til handelsstaden.

Garden Tunsberg ved Ånnelandssundet, der det var handel i ein kort periode.. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Garden Tunsberg ved Ånnelandssundet, der det var handel i ein kort periode.. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gjestgiveri i Vikingvåg

Vikingvåg ligg på sørspissen av Byrknesøy. Her er det registrert gjestgiveri frå 1680.

Gjestgiveri på Kyrkjøy

På Kyrkjøy ved Rutletangane like aust for Sygnefest stod det i mellomalderen ei kyrkje. Her var jektehamn, og frå 1732 vart det drive gjestgiveri med ølskjenking der.

Gjestgjevarstad i Brekke

Frå 1733 til 1833 var det også gjestgiveri med skjenkestove i Brekke. På Lovisendal vart det også drive handel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010