Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Harry Wergeland

Hans Harry Wergeland fødd 1940 på Dalsøyra. Industrimann og gründer.

Hans Harry Wergeland fødd 1940 på Dalsøyra. Industrimann og gründer.

Etter m.a. handels- og jordbruksutdanning vart Hans Wergeland dagleg leiar av familieverksemda Halsvik Cementstøperi i 1962 som produserte såkalla ”kommunalvarer” som røyr og vegsikringar (sjå artikkelen: Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket). Frå 1979 har fabrikken også produsert takstein. Fabrikken vart flytta til Sløvåg i 1987.

Hans stod føre den sterke satsinga som Wergeland-familien gjorde i oljeservice-hamna Sløvåg frå 1992, m.a. med reinseanlegg for oljehaldig avfall og eit stort steinknuseverk. I hans leiartid har familieselskapa også starta kabelferja mellom Duesund og Masfjordnes og vorte eigarar av m.a. Solund Skips Service AS og Eivindvik Hotell.

Hans Wergeland var medskipar av Nordhordland Handverk og Industrilag i 1972 og av Gulen og Masfjorden Industriselskap i 1994, og har vore styremedlem i begge laga i mange år. Hans Wergeland vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2006. Son til [[Trygve Hansson Wergeland

Trygve H. Wergeland]].

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010