Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Grimen

Harald Grimen (1955-2011) frå Gulen, busett i Oslo. Professor i filosofi. Grimen har magistergrad og doktorgrad i filosofi frå UiB. Han har arbeidd som førsteamanuensis og professor II ved senter for vitskapsteori ved UiB, som professor ved Institutt for filosofi ved UiT, og som forskingsleiar ved Seksjon for medisinsk antropologi ved UiO. Seinare tilsett som professor ved Senter for profesjonsstudiar ved Høgskolen i Oslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.03.2011